Tumgik
Text
youtube
Lolita isn't unknown. Most have heard of "Lolita" in some way or another, whether that be the original book or maybe the aesthetic that it later became. When it comes to the book, I think it is good. It is an extremely well made piece of work. It is also absolutely horryfing and disgusting. It is a tragedy, but more than that it is pure horror. Originally I wrote a longer text to accompany the video and this post. But nothing I say and think of Lolita can be said in a better way than this 30 minute video.
I do not feel like recommending the book. However, I do recommend you take thiry minutes of your time to watch this youtube video about the book, what it portrays, and how it has been grossly misinterpreted and percieved by many, multiple times.
0 notes
Text
Debatt om transseksualitet og kjønn: grunnlinja
For omtrent ein månad tilbake delte ein slektning av meg eit innlegg på facebook som kritiserte det at det blir lært om transseksualitet og kjønn på barneskulen. Det omhandla eit foredrag, men i innlegget var det òg linka til ei nettside som kritiserer dette ytterlegare. For å vere litt direkte, det som er skrevet i både innlegget og på nettsida er noko tøv. Det er ingenting anna enn transfobisk retorikk ompakka i "smarte" ord, bekymringar for born og "sjølvstendig forskning". Det gjer meg kvalm å sjå bekymringar for born bli brukt som eit skjold for å trakkasere retten transseksuelle har på det som er meint å vere så universelt: respekt og likeverd.
I respons til dette delte innlegget kom eg med ein motkommentar. I motkommentaren prøver eg å vere kort, tydeleg og konsis. Det er ein ting å diskutere ulike ting ved transseksualitet, som "kor ung skal nokon få vere før dei kan ta i bruk hormonblokkarar" eller "korleis organiserer ein sport på ein mest retterdig måte mogleg". Men når dei debattane blir teken opp frå eit standpunkt kvar det ikkje ein gong blir anerkjent at dei er vanlege folk på same måte som alle andre, så viser ein tydeleg at det ein eigentleg ynskjer er ikkje "rettferdig sport" eller "trygge born" men å diskreditere at transseskualitet er eit reelt faktum. Ein kvar sunn debatt om transseksuelle og kjønn må ha ei uunvikeleg grunnlinja: transseskualitet er eit reelt faktum og transseksuelle er vanlege folk som fortjener respekt og rettigheitar på lik linje med alle andre, og kjønn er ikkje spesifikt definert av underlivet; kjønn er delt biologisk og sosialt.
Under kan du lese svaret mitt til slektningen:
Nei, det tas ikkje feil om kjønn. Det blir òg feil å snakka om kjønn som 'ein' ting her, for det er det ikkje. Det er delt i to: 'biologisk kjønn' som er det du har i boksa og 'sosialt kjønn' som er korleis du sjølv og heile samfunnet oppfattar deg og ditt kjønn. Dette er ikkje noko oppdikta, det er realiteten ved korleis kjønn artar seg i samfunnet vårt.
I dag vil me i all hovudsak gå ut i frå at folk kjenner seg att i det same sosiale kjønnet som det biologiske kjønnet dei har, og i all hovudsak er det rimeleg å anta det. Det biologiske kjønnet mitt er mann, og det same er mitt sosiale kjønn. Men enkelte folk i samfunnet føler seg født i feil kropp, at deira biologiske kjønn ikkje kan foreinast med kva dei kjenner inni seg, det sosiale kjønnet. Dette er like legitimt som det å vere homofil, det er ikkje noko du sjølv bestemmer om du vil føle på, det er ein realitet ved din seksualitet og ditt kjønn. I dag kallast dette kjønnsinkongruens. Du kan prøva å ignorera/fortrenga det, gøyma deg for kjenslene dine, men det gjer ein berre deprimert. Difor er det så viktig at me som eit samfunn kan være opne mot desse folka og møte dei med same kjærleik og forståing som ein gjer med alle andre. Dei er òg menneske, dei fortener såpass.
Når ein då lærer om kjønn på barneskulen handlar ikkje det om at borna blir «indoktrinert» på noko vis, som nettsida i det delte innlegget seier. Det handlar enkelt og greitt om å lære borna at enkelte kjenner at dei er født i feil kropp, eller at dei ikkje kjenner seg att i det sosiale kjønnet folk bruker om dei. Dette gjer skulen/forlaga for å fortelje at transseksuelle og ikkje-binære etc. òg er menneske som har rett på det same som «vanlege folk». At dei òg er verdig kjærleik på same plan som andre, uansett om dei kjenner seg litt annleis på innsida.
Det er ingenting farleg med dette. Du blir ikkje muslim berre ved å lære om Islam i Krle på barneskulen. På same måte blir du ikkje homofil eller transseksuell om du lærar om at nokon likar det same kjønnet, eller føler seg som jente når dei var født gut, og at det går fint. Det einaste du lærer er likeverd over folk.
Når dette då blir framstilt som ein form for inndoktrinering gjer det ingenting anna enn å øydelegge for god debatt og forståing for reelle problem knyta til tema, og skadar blant anna transseksuelle sin moglegheit til å i det heile bli sitt på som menneske.
2 notes · View notes
Text
Eit besøk på Vgs.
(På Vgs. fekk me ein dag besøk av ein forfattar, eller diktar, trur eg. Under besøket blei me delt ut ein del ord som me fekk i oppgåve å stokke om til eit dikt. Slikt blei diktet.)
Ho seier
føra fingeren tett bak til den forsvann kvinna slukte handa mi bak stien vondt
og ho kom etter eg fekk ta henne i kraniet her er det beinet punktert heilt til synsnerven min auka avskjed
0 notes
Text
Jul i Taiwan
Det er tjuefjerde desember men biltrafikken dundrar utanfor Hovudet verkar eg må gjere lekser Er det verkeleg tjuefjerde desember alt?
Ein finn juletre og julepynt her og der men julestemninga er evig unnvikande Nærmaste eg kom var eit japansk album albumet har ingenting med jul å gjere
Eg må stå opp gjere lekser Satan
3 notes · View notes
Text
Ei verdig studietid
Tidlegare har eg skrevet om studentane sine kår, og at dei må betrast. Eg står framleis for det eg skreiv, og skriv sikkert ein artikkel til. Titlane under fører til artiklane:
Delttidsjobben er ikkje eit valt avbrekk (03/2022)
Hugs at du skal ut i arbeid, student (10/2022)
Det å vere student er meir enn berre det du lærer på undervisningsbenken, ein fest, og deltidsjobben på Rema 1000. Krev endring, student!
2 notes · View notes
Text
Eg er dritsmart, eg kan jo ingenting.
Det var det Sokrates sa.
0 notes
Text
Og eg som soga såg eg såg såg korleis sulten sulten på makt på meir skreiv soga tå
Skreiv tå ikkje for fridom ikkje for sannleik skreiv tå for makt for meir
Og eg som soga såg eg såg såg sanninga vika vika for stroka pennestroka pennestroka makta makta ned
Og eg som soga såg eg såg såg korleis soga vart sanninga usann sanninga er pennestrøk sanninga er ikkje soga
Kommentar til diktet: Eg vil ikkje seie diktet er ferdig. 'åt' tyder 'i frå kvarandre/ sundt', men eg vil i hovudsak ha eit ord for 'om' som i skriva om'. Men eg finn det ikkje. Eg lurar på om eg kan bruke 'åt' som 'om'.
0 notes
Text
Eg er her for å krangla Eg er her for å skriva Ikkje fordi eg aldri tar feil Men fordi du ikkje alltid har rett
2 notes · View notes
Text
Å vere sjuk i Taiwan og Miljøkrisa i Norge
Eg sit på rommet mitt. I leilegheita eg leiger. I Taipei. I Taiwan. Eg er sjuk, men blir snart frisk. Eg var mest sjuk i går. Leilegheita eg leiger ligg rett ved ein av dei store vegane i byen. Ved strekningen utanfor er det fire køyrefelt i kvar retning, åtte felt totalt. Det dundrar trafikk omtrent heile døgnet rundt. Det er slitsamt å vere på rommet mitt på grunn av denne trafikken. Det er òg slitsamt av andre grunnar. Men dei vil eg ikkje snakke om.
Det sug å vere sjuk. Det er som om du blir motvillig haldt tilbake. Verden dundrar på med alle planar og mål. Men du blir sittande heime, medan du kikkar på ein serie eller søv vekk dagane. Eg vil ikkje vere sjuk. Eg hatar å ligge som ein slapp fisk. Varm og kald samstundes. Med mykje vilje og mange ynskjer, men inga kraft. Og så skal eg vere sjuk i Taiwan òg. Av alle plassar eg skal vere sjuk så er det på rommet mitt i Taiwan. Rommet kvar eg ikkje orkar å sove utan ei pute over hovudet, for å dempe den forbanna trafikken som ikkje klarar å ta pause. Av alle tider eg skal bli sjuk så er det sjølvsagt i den helga kvar eg skulle på valvake for presidentvalet i Taiwan, på ekskursjon med taiwanske vener, og så på konsert som prikken over i-en. Eg hatar å vere sjuk. Òg eg hatar å vere sjuk i Taiwan.
Eg skal liksom oppleve så mykje i Taiwan. Eg er her tross alt berre i 9 månader. Eg skal meistre språket. Eg skal forstå kulturen. Eg skal bli ein ekspert. Men her ligg eg. Sjuk. Hadde det ikkje vore for dei støydempande hovudtelefonane mine hadde eg blitt drevet til vanvit av trafikken òg.
Eg vil gjere meir. Eg vil verkeleg føle eg meistrar språk og kultur i Taiwan. Eg vil meistre livet her. Vere nokon som kan sei at dei veit. Vere ein kjelde til informasjon og forståing. Men eg klarar jo ikkje å oppnå det når eg er sjuk. Når eg går glipp av ting eg ville gjere. I staden for var eg heime og sveitta senga våt medan eg såg på Bård Tufte Johansen utforske korleis det sto til med naturen i Norge i serien «Oppsynsmannen». Det var ein utruleg bra serie. Ein eg meiner alle i Norge har godt av å sjå. For Norge utviklar seg i ein grå og dyster retning. Me går feil framtid i møte.
Men klarar eg ikkje å oppnå forståing om Taiwan når eg er sjuk? Er det sant? Eller er eg eigentleg berre lat når eg ser på Bård traske rundt i Norge, når eg kunne sitt på noko på Mandarin. Kanskje Bård kan lære seg mandarin. Eg kjenner på denne tvilen. Eg kjente på det i Norge når eg tok ein bachelor i Kinesisk- med Kina-studium òg. Kvifor dukkar eg ikkje djupare inn i kulturen, i språket? Kvifor ser eg på denne norske filmen, kvifor les eg denne engelske boka? Eg må jo betre kinesisken min. Eg må vere på og jobbe heile tida. Eg hatar den tankegangen. Men eg slit med å bli kvitt den.
Mange snakkar om at det ikkje er godt med for mykje av noko. Alt i moderasjon. Det er bra å vere engasjert og på, berre ikkje gravlegg deg i negativ sjølvomtale om det pausar opp. Det er bra med økonomisk vekst og fleire vegar. Større vegar. Breiare vegar. Pisspreik. Du treng faen meg ikkje enda fleire monstervegar som brøytar seg igjennom alt me nordmenn likar med Norge. Politikarar og utbyggarar lev med tunellsyn. Det viktigaste er vekst. For vekst betyr auka velstand. På kva faens områder treng nordmenn auka velstand? Me er eit av dei mest velståande landa i verda. Me har velstand.
Ein er blitt blind av pengar. Me lev i eit pengegalt samfunn. Det er viktig med pengar seier ein. Pengar skapar moglegheiter for arbeidsplassar. Har ein fleire arbeidsplassar så kan fleire dele i velstanden. Då kan fleire gå på hytta. Fleire kan ta helgeferie i marka. Fleire kan reisa på bytur i ferien. Hadde me ikkje det for 20-30 pluss år si? Var det ikkje mogleg for folk å bu fint og flott, utan at ein skulle sprenge Lågendeltaet i to for å bråke av gårde med firefelts motorveg?
Sjukdommen siv ut av meg. Men trafikken blir. Eg er forbanna på meg og min eigen kropp for å bli sjuk når det var så mykje spennande som skulle skje. Eg vil oppleve så mykje meir. Eg vil bli smart på alt eg omringast av i dette ukjente landet. Men det går bra. Eg klarar meg overraskande bra, sjølv om eg har vore sjuk ei helg. Kanskje eg blir litt sakka ned mot målet mitt. Men det står ikkje på liv og død. Og på same måte som at det går fint for meg. For deg. Å bli sjuk ein gang i blant. Å ta ein pause frå køyret og presset frå samfunnet ein gang i blant. Så går det fint å ikkje alltid måtte bygge ut nye motorvegar og industriparkar og alt anna grått. Kanskje me kan ta ein pause i bygginga og kikke på litt andre meir berekraftige løysningar. Løysningar som ikkje krev at me riv grøn natur sundt for å bygge ‘grøn’ industri. Det er eit paradoks. Eit unødvendig paradoks.
Eg håpar fleire folk sluttar å tenke som i Stanley Jakobsen sin kjende song, «I morgon, i morgon, men ikkje i dag». Det hjelp ikkje med evig utsetting. Naturen ventar ikkje. Den døyr ein sakte død.
Inspirasjon for denne gangs skrivesus:
Å vere sjuk i Taiwan
Bård Tufte Johansen sin nye serie i NRK, Oppsynsmannen. https://tv.nrk.no/serie/oppsynsmannen
NRK sin avsløring om kor mykje natur som har blitt øydelagt i Norge sidan 2017. https://www.nrk.no/dokumentar/xl/nrk-avslorer_-44.000-inngrep-i-norsk-natur-pa-fem-ar-1.16573560
1 note · View note