Tumgik
digitalkompetanse · 5 months
Text
Digital kompetanse - kva er det?
For å kunne fungere i det medialiserte samfunnet må ein vere digitalt kompetent, i ein eller annan grad. Men kva er digital kompetanse?
Digital kompetanse er fleire ting, so lat oss byrje med det mest openberre: å kunne bruke digitale einingar og program. Ein essensiell del av digital kompetanse er å kunne slå på ei datamaskin, logge på (og ikkje gløyme passordet til neste gong), opne programmet ein skal nytte, og klare å orientere seg i den digitale jungelen. Kva som skjer viss du trykkjer der, korleis du får opna ein ny fane, kor du finn overføringsfunksjonen i nettbanken, kor nettlesaren er, og ikkje minst kva som er forskjellen på dine personlege notatar og postar på Facebook. Det tek oss eigentleg over til den andre delen av digital kompetanse - korleis ein oppfører seg på digitale plattformer.
For er det noko vi alle har sett, og kanskje til og med humra i skjegget over, so er det Facebook-innlegg som kanskje ikkje var heilt passande, og kanskje ikkje ein gong skulle sett dagens ljos. Å vite kva som sømmer seg og ikkje er eit aspekt av digital kompetanse. Å vere klar over at viss ein berre skriv "ok" etterfulgt av eit punktum i ein chat kan det verke passiv-aggressivt, eller at aubergine-emojien ikkje på nokon måte handlar om frukt er ogso digital kompetanse. Det er ikkje essensielt for å kunne dra nytte av dei digitale verktøya, men det er ein fordel. Viss du postar rare ting på Facebook kvar dag, ser barnebarna dine dei rare postane dine oftare enn dei ser deg, og dei vert med å skape eit bilete av kven du er. Ein må skjøne normene, kva som er innafor å publisere og ikkje, og vite kva publikum ein snakkar til.
Tumblr media
0 notes
digitalkompetanse · 5 months
Text
Demokrati og digital kompetanse
Medialiseringa av samfunnet gjer digital kompetanse svært aktuelt. Skal ein tinge ein legetime, levere skattekort, betale rekningane sine, finne bussrutene, søkje jobb eller i det heile kommunisere med det offentlege, må ein i stor grad gjere dette via ei digital eining. Det krev ikkje berre at ein har tilgang på internett og ei datamaskin, men ogso at ein har ein viss grad av digital kompetanse. Når medialiseringa skjer raskare enn graden av digital kompetanse i folket aukar, vert ein heil haug stengt ute frå samfunnet og nekta å fungere som danna borgarar.
Sjølv om vi framleis går til dei fysiske valurnene på valdagen, vert ogso større og større delar av demokratiet flytta over til den digitale verda. Lik og brei tilgang på informasjon og kunnskap er essensielt i eit demokrati. Når all kommunikasjon og informasjon frå det offentlege, til dømes regjering eller Storting, er utelukkande eller enklare tilgjengeleg på digitale einingar, har vi ikkje lenger lik tilgang på informasjon og kunnskap fordi den digitale kompetansen varierer.
Det som skjer utanom dei parlamentariske organa er ogso ein viktig del av demokratiet. Å organisere seg, mobilisere, diskutere, demonstrere er den mest tilgjengelege måten for vanlege folk å ta del i demokratiet på, utanom den eine dagen annakvart år når vi slepp eit papir ned i ei urne. Når organiseringa, diskuteringa, mobiliseringa og oppmodinga til demonstreringa skjer digitalt, må ein ha digital kompetanse for å ta del i det. Det gjer at vi har ulike moglegheiter og føresetnader for å delta i demokratiet. Difor må vi auke den digitale kompetansen. Difor er digital kompetanse viktig.
Tumblr media
0 notes
digitalkompetanse · 5 months
Text
Digital kompetanse i skulen
Når dei digitale læringsressursane trer inn, vert den digitale kompetansen viktig i skulen. Ein kan i stor grad lære seg å verte digitalt kompetent gjennom skulen, fordi ein kan få opplæring i korleis ein nytter ulik hardware og software, og ikkje minst lære om nettvett og kven ein er på Internett, kven som kan finne deg og kva ein bør passe seg for. Dette avhenger sjølsagt av digitalt kompetente skular med digitalt kompetente lærarar.
Men bruken av IKT og behovet for digital kompetanse i skulen kjem ikkje heilt utan utfordringar. GrunnDig-rapporten frå 2022 fortel oss at vi veit for lite om effektane av bruken av dei digitale læringsressursane, og at det kan vere utfordrande å integrere digital teknologi i undervisninga. Noko av grunnen til det kan vere at ein prøver å ta inn digiale læringsressurser utan å endre pedagogikk. Viss ein held fram med den same pedagogikken der læraren står framst og elevane sit å ser opp på læraren som fortel om korleis planetane rører seg og kva fotosyntese er, og skal putte ein haug med datamaskiner oppå det heile, er det klart det vert litt utfordrande. Digitale læringsressursar legg opp til ein annan pedagogikk, der elevane i større grad søkjer etter kunnskapen sjølve, og læraren er vegleiar. Kva pedagogikk som er best kan nok diskuterast, men det vert iallfall vanskeleg å gjere begge på ein gong.
Tumblr media
0 notes
digitalkompetanse · 5 months
Text
Velkomen til bloggen!
Her skal det snakkast om digital kompetanse, korleis det fungerer i skulen, og kva det gjer med demokratiet.
Takk for at du vil lese!
Tumblr media
0 notes