Don't wanna be here? Send us removal request.
Text
Himmelen bak huset
Himmelen bak huset
I denne oppgåva skal eg gje eit kort samandrag av boka «Himmelen bak huset» skreve av Gaute Heivoll. Etterpå vil eg beskriv kvifor boka kan seies å vere multimodal samt kommentere noko av bokas innhald.
(DNF, 2011)
Boka startar med ei kort beskriving av kva hovudpersonen «Jon» oppfattar rundt seg i huset. Han beskriv kva han og faren gjer og legg stemninga for lesaren. Boka handlar om Jons sakn til mora som døde da han var liten og kva han hugsar frå den tida. Han fortel at mora pleie å komme inn til han kvar kveld når han lagg seg, men det skjer ikkje denne kvelden så han slitar med å sovne. Mens han ligg der skildrar han kva han ser og kor skumle skuggane på rommet er.
For at Jon skal få sove binner faren ein rød tråd i tåa som han kan halde i frå si seng. Tråen rakna dei frå ein strikka genser mora hadde laga til Jon da han var liten. Jon sovnar, men vaknar og følg etter tråden ut til trehytta i skogen. Han drøymar. Der kan han sjå mora og faren som sitt å spis og kosar seg saman. Jon blir sittande lenge å sjå på dei før dei kjem ut. Han beskriv korleis det er å sjå mora igjen og at han må ta farvel med ho da han og faren må gå inn i huset igjen. Han vaknar opp mens han står aleine i døra og ropar på mora. Faren vaknar og legg Jon i senga igjen. Neste dag går Jon tilbake til trehytta og knyter tråden fast til den, der mamma er.
Bokas tittel «Himmelen bak huset» visar seg gjennom teksten å være trehytta der mora er. Det er ei hjarteskjerande forteljing kor Jon skildrar saknet han har til mora. Eg oppfattar det at mora kom inn til han etter han hadde lagt seg kvar kveld som noko han var så vandt til at følelsen av at ho gjorde det hang igjen lenge etter at ho døyde. Som denne kvelden tok slutt. Han skildrar faren på ein slik måte at eg som les kan kjenne på stemninga som har vært i huset. Han skriv: «Jeg strekker ut hånden og kjenner på kinnet hans som er glatt, nesten som mitt. Det er ingen tårer der.» (Heivoll, 2008, s. 22) Jon fortel også om stillheita frå faren, og at han elskar når han smiler og ler med han, som om alt er gløymd.
Alt vi les i biletboka er skildra gjennom augne til Jon som dramatisert eg- forteljar. Det er minst ein illustrasjon på kvar side gjennom boka som er multimodal fordi illustrasjonane og brødteksten fortel ulike ting i samsvar med kvarandre, ein ikonotekst. Sidan modalitetane viser og beskriv ulike ting kallast det at boka har ulik affordans. Illustrasjonane supplerer gjerne det brødteksten fortel som forsterkar korleis lesaren oppfattar historia. Det kan vere med å illustrere korleis faren eller huset ser ut med alt frå karaktertrekk til relasjonar, formar og størrelsar. Brødteksten fortel gjerne kva Jon tenker om det han ser, dialogen han har gjennom boka og følelsane han har til dei ulike hendingane og tankane.
Alle illustrasjonane er i svart-kvitt som skapar djupn med skuggar og kontrastar. Det er kunn den raude tråden som skil seg ut med farge og fungerer som eit symbol gjennom boka. Lesaren vil også sjå at tråden er spesielt viktig på grunn av dette gjennom historia.
Litteratur
Heivoll, G. (2008). Himmelen bak huset (1. utg.). Oslo: Cappelen Damm.
Den Norske Forfatterforening. (2011, 24. mars). Heivollbok har blitt film. Henta frå: https://forfatterforeningen.no/artikkel/heivollbok-har-blitt-film
0 notes
Text
Praksisoppgåve
Praksisoppgåve Caroline Elise Mørch
Til denne oppgåva brukte eg lang tid på å velje eit eventyr som kunne engasjere og skape undring hos elevane. Det var 20 elevar på rundt åtte år. Valet ende på «Risen som ikke hadde noe hjerte på seg» som er eit folkeeventyr av Asbjørnsen og Moe. Dette er ei relativ lang forteljing som kan føre til at nokon av elevane kan synets det er kjedeleg eller mister fokuset undervegs. Eg øvde meg på å legge ulik vekt på stemmen da eg fortalte eventyret på førehand, slik at det kanskje blei meir spennande for dei. Elevane skulle samlast i lyttekrok kor eg satt i midten og fortalte for dei. Dette ville eg gjere for å skape ein meir spennande stemning kor alle elevane satt tett saman rundt meg. Før eg begynte forklarte eg dei kva en «Rise» er for å ikkje forvirre dei da eg las. Dette fungerte fint og eg synets elevane hang med heile vegen.
Etter at eg hadde lest forteljinga ville eg spørje elevane om kva dei synets, og om dei la spesielt merke til noko som fanga oppmerksamheita deira. Å prata om eventyret etter eg hadde fortalt det valte eg å gjere for å forsikre meg om at dei hadde fått alt med seg og avklare ulike ting dei beit seg merke i som eventuelt ord og hendingar. Dette var viktig for etterpå skulle elevane sitte på gruppene sine og arbeide med kvarandre. Dei skulle teikne på eit stort ark saman, ein scene frå eventyret kvar. Dei måtte finne ut kva som hendte etter kvarandre og teikne det i riktig rekkefølge.
Før elevane fekk starte på oppgåva prata vi om samarbeid og korleis ein skal forholda seg til det i ein gruppeoppgåve. Dette trur eg var viktig før dei starta å arbeide. Dei er som sagt ganske små og nokon kan synets det er vanskeleg å inngå kompromiss. Skolen eg var på er også ei «Olweus» skole, og denne månadens fokus var respekt. Det var derfor ein fin måte å frå dratt noko av det inn i undervisninga.
Elevane greidde oppgåva fint og samarbeide godt. Det blei mange fine teikningar frå eventyret som vi seinare hang opp i klasserommet. Elevane uttrykte fleire gonger at dei synets det var morosamt og eg høyrte dei prate om «Risen» ut resten av praksistida.
Skoletorget (2004, 1 mai). Risen som ikke hadde noe hjerte på seg. Henta frå: https://www.skoletorget.no/abb/nor/Eventyr/am_risen.htm
0 notes
Text
Multimodale tekstar
Multimodale tekstar, redundans og affordans
I dagens samfunn er multimodale tekstar vanleg og en kjem ikkje forutan å sjå dette i kvardagen. Det kan vere i avisa, på internett, på tv eller reklamar som heng omkring. Ein multimodal tekst er ein tekst med fleire elementa som supplerer verbalteksten ved å til dømes bruke bilete, fargar, animasjonar, musikk, typografi og mange fleir elementa. Ein multimodal tekst har som motiv å skape ein mening mellom kva ein ser og les, høyrar og opplever, altså ulike modalitetar (Løvland, A. 2010, s. 13).
Her er eit døme henta frå artikkelen. Dei ulike modalitetane på dette bokomslaget gjer eit inntrykk av at boka handlar om ei snill lita jente. Ein kan studere korleis typografien heng saman med fargane, mønsteret av solar og bilete av jenta i ein multimodal analyse.
(Løvland, A. 2010, s. 13).
I ein multimodal analyse finn en alle dei ulike modalitetane og meninga bak dei (Løvland, A. 2010, s. 14). Ein metode i ein multimodal tekst er bruken av redundans. Redundans er å forsterke noko ein vil ha fram, som eit bilete av ein figur kor verbalteksten beskriv det ein ser. Det får ein forsterkande effekt og lesaren får den same informasjonen to gonger. Denne metoden brukast ofte i barnebøker kor lesaren ikkje nødvendigvis er godt vandt med å lese. For sterk bruk av redundans kan føre til over kommunikasjon og gjere lesaren passiv (Løvland, A. 2010, s. 15).
Ein anna type multimodalitet er når modalitetane ikkje er gjentakande informasjon, men utdjupar, at dei har spesielle funksjonar. Dette kallast affordans og er når modalitetane skilar seg frå kvarandre, men likevel er meiningsberande faktorar i formidlinga (Løvland, A. 2010, s. 15). Eit døme på bruk av affordans kan vere eit bilete av ein hund kor verbalteksten beskriv korleis den er og kva den heite. Da supplera og forsterkar dei kvarandre.
Litteratur
Løvland, A. (2010). Multimodalitet og multimodale tekster. Tidsskriftet Viden om læsing, 2010 (nr. 7). https://www.videnomlaesning.dk/media/1607/anne-lovland.pdf
0 notes
Text
Munnleg norsk oppgjennom tidene
Korleis dei geografiske skiljelinjene blei til gjennom språkforsking på dialekter og nyare munnleg språkforsking.
Det vi veit frå vikingtida er basert på lovseiemannen som la fram lover og reglar kvart år på tinget, og det vi kan lese frå Snorre og dei andre forfattaranes nedskrivne samtalar i islendingsagaene. Vi veit ikkje så masse om det munnlege språket i kvardagssituasjonar, meir om retorikk og det skriftlege. På 1500 talet oppdaga ein at Noreg er eit land med mange ulike dialekter, som ikkje er så ulike frå korleis dei er i dag (Otnes & Aamotsbakken, 2017, s. 237).
Etter kvart rundt 1600 talet oppstod utviklinga av bymål. Årsaka til dette var embetsmenn frå Danmark som kom til Norge og prata dansk påverka av norsk. Ein anna språkleg påverking var på grunn av innflytting til byane frå bygdene som gjorde at det blei ei slags blanding av dialektar. Det var ikkje vanleg å studere det munnlege språket før på 1800 talet. Ivar Aasen var ein av dei som studerte og dyrka det norske språket som var mest upåverka av andre språk, nærmast norrønt. Dette hang saman med nasjonalromantikken og rekonstruksjonen etter unionstida (Otnes & Aamotsbakken, 2017, s. 238).
Etter at Ivar Aasen la fram ein geografisk representasjon over dei ulike talemåla har det vært mange slike oppdelte kart. Studien av dei fonologiske og morfologiske har blitt gitt mye oppmerksemd og det ligg mykje arbeid bak ein slik oversikt. Sjølv om karta kan være upresise geografisk har dei vært sentrale i norsk dialektforsking heilt fram til i dag (Otnes & Aamotsbakken, 2017, s. 239). Språkforskarar synes ikkje disse karta oppdaterast ofte nok, og dagens Noreg er vanskelegare å dele inn enn tidlegare. Ein kan ikkje lengre sei at et området har eit felles talemål på grunn av dei hyppige endringane og påverkingane frå andre plassar i landet (Otnes & Aamotsbakken, 2017, s. 241).
I nyare tid har språkforsking tatt for seg ein dialekt av gonga og sett på den dialektas morfologiske og fonologiske reglar og system utan å sjå tilbake til det norrøne. Ein anna metode er sosiolingvistisk forsking. Den metoden kom til Noreg frå USA og går ut på å studera det munnlege språket mens det brukast i kvardagslege situasjonar, i ulike settingar med forskjellige menneske i form av kjønn, arbeid og alder. Eit døme på ein slik kjent undersøking er gjort i Oslo og heitar «TAUS». Denne studien forska på talemålet i Frogner kontra Vålerenga. Begrepet sosiolekt er ofte brukt i sosiolingvistikken for å definere eit munnleg talemål kor sosiale grupperingar er sentralt og derfor seie mange at Frogner og Vålerenga er to ulike sosiolektar (Otnes & Aamotsbakken, 2017, s. 242). Nokon vil sei at frognermålet er ein sosiolekt fordi det er basert på tilnærminga til skriftspråket bokmål, standardmål. ( (Otnes & Aamotsbakken, 2017, s. 243).
Eit anna relevant begreip er «regionsmål» som kjem av bygders påverking av byane som utgjevar dialektane. Undersøkinga «TEIN» (Talemålsendringar i Noreg) visar at mange brukar eit meir regionsmålprega talemål i formelle settingar og sin eiga dialekt elles. Det er ofte dei med standardmål som gjer dette.
Nyare forsking har dreidd seg meir om tekstlingvistikk kor fokuset er på sjanger, setningar og avsnitt. For å gje ein fullstendig analyse av ein munnleg tekst må ein seie noko om fokuset på sjanger, men også om kommunikasjonssituasjonen, samanhengen mellom replikkane og uttalen og bøyningsmorfema. (Otnes & Aamotsbakken, 2017, s. 243)
Her er eit døme på eit slik kart kor dei tar for seg tonelag.
Littaratur: Otnes, H. & Aamotsbakken, B. (2017). Tekst i tid og rom (5. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget
Bilete: Store Norske Leksikon. Dialekter i Norge. Henta frå: https://snl.no/dialekter_i_Norge
1 note
·
View note
Photo

got alot on muh mind on We Heart It - http://weheartit.com/entry/51662153/via/PanaJMoore
20 notes
·
View notes