masterbloggen
masterbloggen
MARIAS MASTERBLOGG
99 posts
Velkomen til min masterblogg! Her har du moglegheita til å følgje mitt suverene masterprosjekt gjennom to år. Eg studerer Visuell Kommunikasjon ved KHIB, og jobbar med temaet kvinner og sinne i mi masteroppgåve. Du kan òg følge meg på instagram og/eller twitter: @marianordtveit
Don't wanna be here? Send us removal request.
masterbloggen · 10 years ago
Text
Risograf!!
Tumblr media Tumblr media
På KHIB har me no fått risograf!! I dag har me hatt kurs på maskinen. 
0 notes
masterbloggen · 10 years ago
Text
Kva om aggresjon var hovudkjelda vår til energi?
Dette er scenarioet: Olje og andre ressursar me i dag er avhengige av – det er tomt. Det finst ikkje meir. Men det er no ein ny måte å utvinne energi på – gjennom aggresjon. 
I dag har eg laga skisser på korleis eit slik samfunn kunne ha sett ut. 
Ein stad må ein få aggresjonen frå. Teikninga nedenfor skildrar eit apparat til heimebruk – du har ein stol der du spenner deg fast (så du slepp å falle ned frå stolen og skade deg når du ristar), og ein slags hjelm til å feste på hovudet. Det er ein «pinne» framme som ein sett mot skallen, som gir avgir støt og triggar kjenslesenteret i hjerna. Aggresjonen samlast opp i ein beholdar bak på hjelmen.
Tumblr media
Det er også tenkeleg at ein må dra til ein fabrikk for å ekstrahere aggresjon.
Tumblr media
Men kven vil ekstrahere eigen aggresjon? Truleg vil dette skape eit klasseskille, der fattige sel og rike kjøper aggresjon.
Tumblr media
Og det blir sikkert også solgt mange typar forskjellig aggresjon, der nokre er meir eksklusive enn andre. Til dømes kjendis-aggresjon. 
Tumblr media
Og det dukkar sikkert også opp ein illegal marknad. 
Tumblr media
Vil veldedige organisasjonar hjelpe dei som er dårleg stilte aggresjonisk (nyord!)? Truleg vil ein då kunne bli aggresjonsdonor.
Tumblr media
Og for at også me i denne verda skal kunne prøve produkta, kan ein kanskje bestille dei heim og prøve dei på? 
Tumblr media
Eg var også innom scenariet «Kva om me hadde fullstendig kontroll over eigen aggresjon?». Då kunne ein hatt ein app som kontrollerte kjenslene eins, og som sendte signaler til ein chip i hjernen. Problemet med dette er om nokon hacka deg, og i verste fall hacka mange. Då ville ein framand kontrollere kjenslene dine og til og med kunne starte krig, avhengig av kven sine kjensler dei klarar å hacke. Å hacke kjenslene til Obama til dømes ville kunne ha dramatisk utfall.
Tumblr media
0 notes
masterbloggen · 10 years ago
Text
LUSTlab workshop!
I går var det workshop med LUSTlab. Me blei først blei introdusert for eit samansatt ord (som til dømes inter-delusion, co-singularity eller dis-apophenia), skildring av ordet, samt ein eller fleire videoar som var knytt til ordet. Etterpå kom det ei oppgåve me skulle løyse i grupper i løpet av 12 minutt. Døme på oppgåve var: «Design the ultimate question». Me måtte alltid lage ein prototype. 
Tumblr media Tumblr media
Ovafor ser du vårt svar på «Design the ultimate question». Mi gruppe meinte «Kva skal eg lage til middag i dag?» var det ultimate spørsmålet, då det truleg er eit av dei spørsmåla me stiller oss mest. Det er også eit spørsmål der svaret kan leie til fleire spørsmål, til dømes «kvar kjem eigentleg denne kyllingen frå?». Me laga også ei lita praktisk lomma på prototypen, slik at ein kan putte oppi illustrasjonar av det ein har lyst til å ete. 
Tumblr media
Me presenterte resultatet for kvar oppgåve. 
Tumblr media
Eit praktisk lukteredskap! Gjer det enklare å samle dufter som er under nasen. 
Tumblr media
Denne tingen er for å kunne blure ut resten av omverda, eller blure ut deg sjølv om du vil vere mindre synleg. Me fekk ei oppgåve der me skulle oppgradere ei av oppfinningane, og me valte denne. Me utstyrte den dermed med kamera framme som gjer det enkelt å sjå omverda på ein skjerm inni, emotional gps og andre nyttige applikasjonar.
Tumblr media
Denne tingen er laga for å skape ei oppleving. Her kan ein snurre på hjula, og eit scenario du skal gjennomføre dukkar opp. Til dømes «Eat wearing a speedo up-side-down.»
Kort oppsummert var workshopen fantastisk. Orda og oppgåvene som blei presentert er noko eg har lyst til å ta med meg vidare, og også metodane me brukte for å løyse oppgåvene. Veldig nyttig å lære seg morosame og raske måtar å tilnærme seg tema på!
2 notes · View notes
masterbloggen · 10 years ago
Text
LUSTlab
På måndag var det foredrag med LUSTlab. Dei jobba med eit prosjekt der teknologi er svaret, men dei enno ikkje har spørsmålet. Dei presenterte først eit ord samt forklaring på det ordet, så ein eller fleire videoar som var knytt ordet. Slik haldt dei på i ein time. Orda og forklaringa på dei i seg sjølv var veldig inspirerande, dei var nok til å gi mange idéar og tankar kring korleis dei kan applikere til eige prosjekt. Døme på ord var delusion, beauty, reality, perspicacity.
Tumblr media Tumblr media Tumblr media Tumblr media
1 note · View note
masterbloggen · 10 years ago
Text
prosjekt-presentasjon
Førre veke hadde me presentasjonar om prosjekta i det som heiter KU-grupper. I presentasjonen snakka eg om både fagleg og visuell research eg har gjort til no, og drog undervegs konklusjonar som eg ville ta med meg vidare i det endelege produktet. Her er nokre slides frå presentasjonen:
Tumblr media Tumblr media Tumblr media Tumblr media Tumblr media Tumblr media Tumblr media
0 notes
masterbloggen · 10 years ago
Text
Omrokkering 2
Tumblr media
Dette blei det nye oppsettet! 
1 note · View note
masterbloggen · 10 years ago
Text
Omrokkering
Tumblr media
Etter å ha fått tilbakemelding på førsteutkastet til den skriftlege delen av masterprosjektet, skal eg omrokkere på tekst og finne ei ny rekkefølgje som gir teksten betre flyt og gjer den meir logisk. Klyppar, limar og stiftar.
1 note · View note
masterbloggen · 10 years ago
Text
Idéar frå i sommar
Tumblr media
Når eg er på bussen, ute og går ein tur, ser ein film, eller gjer kva som helst anna, og får ein idé til masterprosjektet, skriv eg det alltid ned på mobilen, under notater. I går og i dag gjekk eg gjennom dei idéane eg har hatt i sommar. Der var det faktisk ein god del, nokre dårlege, nokre middels bra, og nokre idéar som eg synest var bra. Desse har no tatt på vegen ned på eit papir i form av skisser og notater, forhåpentlegvis kan eg bruke dei snart!
1 note · View note
masterbloggen · 10 years ago
Text
Tidsplan 3. semester
Tumblr media
1 note · View note
masterbloggen · 10 years ago
Video
tumblr
Dei siste to vekene har eg skrive eit førsteutkast til den skriftlege delen av oppgåva. Framleis mange uferdige kapittel, men å sette seg ned å sjå gjennom tekstar skrive førre året og ta bort, endre, legge til, det hjalp veldig for å få oversikt over eige prosjekt. Har etter desse to vekene fått ei større forståing av eige prosjekt. 
1 note · View note
masterbloggen · 10 years ago
Text
Workshop om masterutstillinga
Tumblr media Tumblr media Tumblr media
Masterutstillinga vår er om nesten eit år, men allereie no må me tenke på kor me vil ha, korleis, kven, osb. I går hadde me workshop der me skulle kome opp med forslag. Me varma opp med å lage unyttige oppfinningar, øverste biletet er min flotte kreasjon, ein head scratcher. Etterpå brukte me ulike metodar, og kom fram til mange forslag til masterutstillinga; utstillingsbuss, typografi på fjella, bruke dei besøkjande som kuratorar, osb.
1 note · View note
masterbloggen · 10 years ago
Text
Fotoa er framkalt!
Tumblr media Tumblr media Tumblr media Tumblr media
Førre semester delte eg ut fleire eingongskamera til kvinner, og ga dei i oppgåve å ta bilete av situasjonar der dei blei sinte. Likt «Om mitt sinne var...» er også dette ein projective technique. Bileta frå desse kameraa har no blitt framkalt! Desverre ser det ut for at mange bilete har forsvunne (det har truleg vore for mørkt då bileta blei tatt). Dette veit eg fordi eg tok bilete av namnet til personen som hadde hatt kameraet, så eg skulle vite kva for bilete som tilhøyrte kven, men desse har ikkje kome med. 
Når eg ser gjennom bileta som er framkalt, er det eigentleg ganske vanskeleg å skjøne noko særleg. Det er lite bileta av personar, hovudsakleg ting. Og det er to som har tatt ein del bilete av rot. Nokon av fotoa kan eg tenke meg fram til kva handlar om, men eg er nok naudsynt å snakke med dei som fekk utlevert kameraa for å skjøne meir. 
1 note · View note
masterbloggen · 10 years ago
Text
Om mitt sinne var...
Tumblr media Tumblr media Tumblr media
Førre semester delte eg ut fem ark der det stod «Om mitt sinne var...» Etterfulgt av, i ulike ruter, tekst som «...ein karakter i Bibelen», «...ein planet», osb. Poenget med dette er at ved å be folk skrive eller teikne assosiasjonar dei har til noko, får ein ofte vite meir om kva folk eigentleg tenker enn om ein spør direkte. Ta til dømes Jens Stoltenberg. Viss Jens Stoltenberg var ein hund, kva for hund ville han ha vore? Svaret ville kanskje vore Labrador. Kva seier i så fall dette svaret om Jens Stoltenberg? Jo, at han framstår som tillitsfull og stabil.
Det eg synest var interessant då eg fekk tilbake skjemaa, var at det var veldig få teikningar av kvinner. Faktisk berre ein. Dei fleste teikningane var anten av menn, eller figurar som kunne vere begge kjønn. Den eine teikninga som var av ei kvinne, var i tillegg ein mannskarakter gjort om til ei kvinne, ein kvinneleg Dart Vader. Eg tenkte over dette, og kom fram til to moglege grunnar; anten at det er vanskeleg å definere sinne som noko kvinneleg, og at ein derfor berre kjem på mannlege eller udefinerte karakterer til å skildre sjølv sitt eige sinne. Eller det kan vere at det er for få kvinnelege karakterer som viser sinne, og at det derfor ikkje er nokon særlege å velge mellom, medan det finnest nok av sinte mannlege karakterer. 
Ein annan ting eg fann interessant, var at det var vanskeleg å vite om personane som fylte ut skjemaa tenkte på sitt eige sinne, eller sinne generelt. Fleire av skjemaa verka veldig generelle og ikkje så personlege. Det var liten samanheng i dei ulike tinga som var teikna på eit skjema, og det var fleire ting som verkar veldig universalt og stereotypisk og ikkje personleg. Hadde til dømes eg skulle fylle ut eit skjema om mitt eige sinne, hadde det ikkje vore masse eksplosjonar og store skikkelsar som Gud, men heller mindre skumle karakterer og ting. Dette fordi at eg sjeldan blir skikkeleg sint, og at mykje av sinnet held eg inni meg. Det kan hende skjemaa blei fylt ut slik anten fordi det er vanskeleg å forholde å forstå eige sinne, det kan hende ein føler det er sjølvutleverende, eller det kan hende spørsmåla ikkje var stilt på rett måte.
0 notes
masterbloggen · 10 years ago
Text
STATISTIKK!!!!!
Tumblr media Tumblr media
Førre semester førte eg over ein periode ned kvar gong eg blei sint. Eg måtte også gå gjennom ei rekke punkter (første bilete), for å skildre dette sinnet. Eg blei bevisst kor ofte eg faktisk blir sint. I dei fleste tilfella har eg skrive at eg hadde rett til å bli sint, men i dei tilfella der eg var sint på menneske, sa eg likevel ikkje ifrå. Hadde berre utbrudd om det var objekter det gjaldt (til dømes då eg brant meg på ovnen, eller når tekniske ting ikkje ville fungere). Akkurat det med vêret var litt vanskeleg å teste ut i Bergen, sidan det stort sett er same vêr; regn. Ikkje trur eg det var særleg relevant heller, men ville ha ei rekke punkter for å sjå om det kunne vere nokon samanhengar. Eg nådde heller aldri 10 på sinneskalaen, 8 var det meste.
1 note · View note
masterbloggen · 10 years ago
Text
Noregsalfabet
Tumblr media Tumblr media Tumblr media
Ting som ikkje er relatert til masteren som eg gjorde i sommar – del 2.
Denne sommaren var eg på bilferie til Nord-Noreg i tre veker, og før eg drog på tur satte eg meg som mål å samle eit Noregs-alfabet. Eg fekk samla heile alfabetet, nokre bokstavar fann eg til og med fleire av, bileta ovanfor er tre A-ar. A-en i midten er den einaste tredimensjonale bokstaven eg fann. Bileta er no sortert, og det gjenstår no å teikne opp bokstavane og danne det ferdige alfabetet.
2 notes · View notes
masterbloggen · 10 years ago
Text
Fishy business
Tumblr media Tumblr media
Store deler av sommaren har eg jobba med andre ting enn masteren. Dette er ein av tinga eg har brukt tid på, å lage illustrasjonar for sida society6. Det er ei nettside der du kan selge produkt med dine illustrasjonar på, og så vil du få ein liten sum kvar gong nokon kjøper eit av dine produkt. Har brukt ganske mykje tid på dette i sommar, kanskje til saman 3-4 arbeidsveker. Har solgt eit produkt. Kjærasten min kjøpte ei t-skjorte. Ventar enno på at salget skal ta av og at eg skal bli kjemperik av dette, men det har uansett vore godt å jobbe på noko som ikkje var masterrelatert, mange idéar har dukka opp medan eg jobba på eller gjorde heilt andre ting. Noko å ta med seg til haustsemesteret, å gjere andre ting enn master kan gjere nettopp masteren betre. 
Eg har også laga ikkje-fiskerelaterte ting. Sjekk ut sida mi her: https://society6.com/marianordtveit
0 notes
masterbloggen · 10 years ago
Text
Er aggresjon tabu?
Tumblr media
Notater tatt etter å ha lest «Aggresjon! Et nytt og farlig tabu?» av Jesper Juul.
Mange tenker på aggresjon som noko farleg, at konsekvensane av sinne er vald eller krig. Men aggresjon er mykje meir enn det, Jesper Juul meiner det er feil slutningar som blir dratt når me trur at aggresjon alltid leier til noko ekstremt, som vald eller krig;
«Analysen tar utgangspunkt i at vi ikke ønsker krig og gir dermed en feilaktig slutning. Siden aggresjon fører til vold, og vold fører til krig, avskaffer vi aggresjon og gjør den om til et tabu.»
Han skriv også at det er ein skilnad på konstruktivt og destruktivt sinne. Desse sitata frå boka skildrar det godt;
«Aggresjon er mye mer enn sinne, irritabilitet, roping og skriking. Uten aggresjon ville vi hverken være i stand til å sette oss mål eller til å oppfylle dem. Vi ville ikke kunne skaffe oss en karriere, glede oss over et godt sexliv eller forfølge drømmene våre. Vi ville ikke kunne spille fotball, basket, tennis eller løpe maraton. Vi ville ikke være i stand til å forføre noen, markere egne grenser eller beskytte barna våre. Vi ville aldri ha besteget et fjell, overvunnet kreft eller styrtet diktatorer. Og uten aggresjon ville jeg absolutt ikke vært i stand til å skrive denne boken. Å fjerne aggresjon betyr redusert kvalitet i våre individuelle og kollektive prestasjoner.»
«Aggresjon er bare destruktiv når den blir voldelig og går ut over andre eller andres eiendom.»
Altså meiner forfattaren at aggresjon er mykje meir enn vald og krig, det er også mykje positivt. Det er drivkraft, stå på-vilje og å sette grenser. Det er å ville noko og å ha det som må til for å klare å nå måla sine.
Om aggresjon skal vere vanskeleg og tabu, forbyr me også dei positive aspekta ved det. I tillegg til dei tinga som Juul nemner, meiner eg også aggresjon er naudsynt fordi at utan den, vil ingen gjere opprør. Og å leve i eit opprørsfritt samfunn er farleg, då er me ein masse som gjer alt me blir fortalt, og kan manipulerast til det meste. Ein gjer ingen motstand.
Seinare i boka skildrar Jesper Juul også korfor han meiner det er viktig at barn og ungdom får sjå sine foreldre og lærarar vise eit spekter av kjensler, og ikkje berre er snille og milde. Han skriv at dersom me ikkje skal ha førebilete som viser aggressivitet, korleis skal dei unge då lære at menneske kan bli såra, oppleve smerte, frustrasjon, tristhet og å miste beherskelsen?
Om me ikkje ser andre utøve desse kjenslene, korleis skal me då klare å utøve dei sjølv? Og føle at desse kjenslene blir respekterte, og at det går bra å ha mange kjensler som går i ulike retningar? Å tabulegge kjensler kan ha alvorlege konsekvensar for kvar enkelt;
«Bare en velutviklet grad av bevissthet om og aksept for følelsene våre og for våre individuelle indre og ytre reaksjonsmønstre kan gi oss tilstrekkelig selvfølelse til å si «Ja!» og «Nei!» når det er på sin plass og nødvendig for vår psykiske og sosiale velvære.»
Juul skriv at ved å ikkje vere ein rollemodell som viser fleire kjensler enn glede og snillhet, tar ein frå neste generasjon sunne og menneskelege reaksjonar. Han seier også det er å gjenta ein ekstremt undertrykkande åtferd som var vanleg i psykiatrien for hundre år sidan. Kvinner som då viste frustrasjon eller sinne, blei stempla som hysteriske. Det var menn som meinte kvinnene var hysteriske, og Juul seier mange kvinner (som ofte er dei med pedagogiske stillingar no) i dag vidarefører denne praksisen. Han oppfordrar derfor spesielt kvinner til å la vere å kjempe mot aggresjonen, men heller ta tilbake retten til opposisjon, kjempe for personleg autoritet og ikkje gi slipp på rettmessig og irrasjonelt sinne.
Juul skriv også at sidan kvinner tilbake i tid ikkje fekk lov til å vise sinne, skrike eller brøle, byrja dei i staden for å gråte om dei mista sin kjensle av verdi. Juul påstår at dette heng igjen i dag, og er ein del av «Flink pike»-syndromet.  
Eg visste frå før at kvinner tidlegare hamna på institusjon om dei var «hysteriske», men då eg las delen der Juul skriv at det heng igjen også i dag, som ein del av pakka til «flink pike», gjorde det meg opprørt. Eg veit at det framleis er ein hersketeknikk som blir brukt mot kvinner i blant anna debattar, dette med å kalle dei hysteriske. Menn som viser autoritet blir sett på som ansvarlege og gode førebilete, ei kvinne som viser engasjement på same måte er hysterisk, sjefete, osb. Men at det er ein del av «flink pike»-syndromet har ikkje tenkt på før, og dette med grininga. Eg skjønar betre no korfor eg veldig sjeldan, nærmast aldri, blir sint så nokon ser det, men veldig lett byrjar å grine.
Jesper Juul skriv også mykje om oppvekst.
Forfattaren meiner det er ein trend at aggressive barn blir sett på som problembarn. Han meiner ei kvar kjensle som ikkje er glede, blir oppfatta som uynskja, både i heimen og i barnehage eller skule. Ved å gjere dette snevrar ein inn rommet for kva som er akseptable kjensler.
Når kjenslespekteret blir så snevert, trur eg ein mistar moglegheitene til å utvikle sitt fulle potensiale. Rammene for korleis ein skal vere blir så tronge at det nærmast er umogleg å skilje seg frå dei andre. Å forvente at alle skal vere like synest eg også er skummelt, igjen dette som eg har nemnt tidlegare i teksten, at ein blir ein lydig masse som ikkje gjer opprør. Då blir ein lettpåverkeleg og enkel å manipulere.
Juul skriv også at den gruppa med barn som blir sett på som «enkle å ha med å gjere» og «velfungerande» (dei flinke og snille), utgjer den største gruppa på psykiatriske mottak for barn eller ungdom seinare i livet. Mesteparten av desse er jenter. At barna er «enkle å ha med å gjere» kjem av at om du er utaggerande blir du straffa, er du innaggerande blir du belønna.
0 notes