Tumgik
Text
Tumblr media Tumblr media Tumblr media Tumblr media Tumblr media
Siste heile dagen på Island, og enno ein gong hadde me mykje me skulle gjennom. Starta med frukost på hotellet i Kirkjubæjarklaustur, og deretter køyrde me berre eit lite stykke før me gjorde vårt fyrste stopp. Eitt gjel med kort avstand frå hovudvegen med eit namn som er klin umogleg å hugse. Gjiflufjørdglir eller noko liknande. Eit mektigt skue, og enno eit døme på den fantastiske naturen på Island.
Kom oss i bilen att, men ikkje lenge etterpå berre måtte me stoppe for å ta bilete av landskapet. Store delar av området mellom Kirkjubæjarklaustur og Vik var vide felt av lavasteinar dekka av mose. Etter å ha tatt inn synet og reflektert lenge nok køyrde me den ellers uinteressante lange vegen inn til Vik.
Byrja med å køyre ned til den kjende svartstranda og kjenne litt på sanden. Mestedelen av tida gjekk likevel med på å plukke lavasteinar frå stranda. Før me tok neste strand og forlot Vik fann me ut at me burde ete middag. Bestilte mat på den (for oss) famøse baren Strondin pub. For å kome til den vestlege delen av svartstranda måtte me køyre ut av Vik og rundt ein fjellknaus. Der på den andre stranda var det tydlege advarslar om farlege bylgjer, så me haldt oss langt frå vasskanten. Igjen såg me basaltsøyler.
No var det siste etappen til Keflavik. Stoppa ved Skogafoss som me hadde sett frå vegen dagen før. Var der ei lite stund og tok bileter, og sjølv om det kanskje er den mest imoonerande fossen me har sett på turen var me ganske leie av fossar på denne tida. Sveipa kjapt innom eit område med termisk bad, men då me fann ut det låg 2 timar t/r ifrå droppa me turen. Dessutan var det blitt ganske seint, og det var nærare midnatt før me kom fram til hotellet i Keflavik. Etter det var det berre å pakke og lage frukost til dagen etterpå, og ganske nøgde og slitne kom me oss i seng.
0 notes
Text
Tumblr media
Skogafoss.
0 notes
Text
Tumblr media Tumblr media Tumblr media Tumblr media Tumblr media
Reynisfara svartstrand i Vik i Myrdal.
0 notes
Text
Tumblr media
Fjaðrárgljúfur.
0 notes
Text
Tumblr media Tumblr media Tumblr media
Kikka på enno eit område med basaltsøyler på morgonen.
0 notes
Text
Tumblr media Tumblr media Tumblr media Tumblr media Tumblr media
Starta dagen i Hella med retning Vik. Etter påfylling av bensin og snop i Hella køyrde me søraustover. Ikkje lenge etter me var kome ut av byen fekk me auge på Hekla frå vegen. Ein av Island sine mest aktive vulkanar som i tillegg til å vere ein konstant fare er orsaka til den fruktbare jorda i området. Stoppa på eit vulkansenter som me køyrde forbi, der me møtte på ein hyggeleg lokal guide som forklarte oss mykje og geologien på Island.
Etter litt meir køyring kom me til Seljalandsfoss. Ein svær foss som me kunne gå bakom, og ikkje langt ifrå låg ein annan foss, Gljúfrabúi, som me kunne gå til. Brukte mykje tid i og rundt fossane, og måtte ete litt lunsj før me kom oss vidare.
Sett bort ifrå alle dei korte stoppa me gjer på bilturen hadde me eit litt lengre stopp då me kom fram til Vik i Myrdal. Handla på souvenirbutikk og kjøpte litt mat, og etter eit par timar var me på veg att. Neste del av turen var mykje meir aude enn kva me har sett hittil. Store elvedelta og lavafelt prega landskapet, og einsformig utsikt.
Ikkje mykje å stoppa for til me kom fram til hyttene me hadde leigd i Kirkubæjarklaustur. Me hadde planlagt å sjå Svartifoss, difor hadde me bestillt overnatting så langt aust. Men diverre kom me fram ganske seint, og Svartifoss låg endå lenger austover i tillegg til ein lengre gåtur, så me måtte innsjå at det vart for mykje stress. Roa heller ned og tok fram stormkjøkkenet for å laga oss middag.
Vart ein liten kveldstur etter middag og kikka på Kirkjugolf, naturlege basaltsøyler i bakken. Ikkje langt ifrå såg me Systrafoss, ein foss som delar seg før den går ihop att i botn.
0 notes
Text
Tumblr media Tumblr media Tumblr media
Vel framme i Kirkjubæjarklaustur tok me ein kveldsutflykt for å kikka på Kirkjugolf og Systrafoss.
0 notes
Text
Tumblr media Tumblr media
På veg austover stoppa me langs vegen for å kikka på bygnader i fjellet.
0 notes
Text
Tumblr media Tumblr media Tumblr media Tumblr media Tumblr media
Dagens fyrste lengre stopp var ved Seljalandsfoss og Gljúfrabúi.
0 notes
Text
Tumblr media Tumblr media Tumblr media Tumblr media
Andre dag på roadtrip, og no var det Gunnbjørg som hadde ansvar for køyringa. Planen for dagen var å få med oss Golden Circle, alle dei største turistattraksjonane på Island. Byrja roleg med å køyre rundt Hvalfjördur og ta inn den vakre naturen rundt oss.
Utpå ettermiddagen då me hadde stoppa for ein lengre kaffipause fann me ut at me måtte få opp farta viss me skulle få med oss det me hadde planlagt. Reiste fyrst til Thingvellir, staden der ein tydlegast kan sjå den nordamerikanske og europeiske kontinentalplata går frå kvarandre. Brukte eit par timar på å berre gå rundt å kikke.
Til slutt vart me leie og dessutan byrjade det å bli litt seint, så me kom oss i bilen og køyrde vidare til geysirane. Eit område med mange varme kjelder og geysirar. Der var tilogmed geysiren som har gjeve namn til geysirane, sjølvaste Geysir. Sjølv om det er den største av dei alle har den ikkje hatt eit større utbrot på fleire tiår. Derimot var Strokkur der, den nest største geysiren og mykje meir påliteleg. Den hadde utbrot mellom 5 og 10 minuttars mellomrom. Heftig!
Siste tida der brukte me i souvenirbutikken før dei stengte, men me hadde eit stopp til. Me droppa å reise til Gullfoss og køyrde istadan sørover til Kerid. Dette var ein gamal vulkan som ligg rett ved sida av vegen. Etter at magmakammeret i vulkanen vart tomt kollapsa heile vulkanen saman, så det ser ut som eit stor krater.
Gjekk rundt den ei stund, men det var blitt seint på kvelden, så me køyrde siste stykket til Hella der me hadde bestillt hotellrom.
0 notes
Text
Tumblr media Tumblr media Tumblr media
På slutten av kvelden var me til Kerid. Dette var ein gamal vulkan som hadde kollapsa, og no var det ikkje meir att enn eit krater med eit lite vatn.
0 notes
Text
Tumblr media Tumblr media
Som andre del av Golden Circle kikka me på geysirane. Den mest pålitelege av dei alle, Strokkur, hadde utbrot omtrent kvart 5. minutt.
0 notes
Text
Tumblr media Tumblr media Tumblr media
Gjennom heile Island møtest kontinentalplatene til Nordamerika og Europa. Vitja Thingvellir der ein kan sjå glipa aller tydlegast. Kvart år auker gapet med 2-3 cm, og avstandet mellom platene er idag på heile 7 km. Dette er òg staden der Alltinget vart stifta, verdas eldste parlament.
0 notes
Text
Tumblr media Tumblr media Tumblr media Tumblr media Tumblr media
Då var me ferdig med storbyferien og har kome oss ut av Reykjavik. Henta leigebilen vår på føremiddagen, og etter at me hadde handla litt mat til turen satte me kursen ut av byen.
Brukte omtrent ein time på å kome oss ut av alle forstadane til Reykjavik, men etter me hadde kome oss over Hvalfjördur (i undersjøisk tunnel) kjendest det som me endeleg var ute i distriktene. Fyrste stopp var Borgarnes der me kikka innom bensinstasjonene på jakt etter gass til primusen.
Turen gjekk deretter vidare til Snæfellsnes. Me hadde eit håp om å køyre rundt heile neset, men det var allereie ettermiddag, og me skulle nesten heilt tilbake til Akranes før natta. Stoppa fleire gonger på vegen for å ta bilete av landskapet, eit landskap som var heilt ulikt noko anna nokon av oss hadde sett før. Ved Grundarfjördur stoppa me for å kikka på Kirkjufell, kjend m.a. frå GoT.
I Ólafsvik stoppa me att for middag. Men me hadde meir å sjå, så me haldt fram vestover. Til slutt tok asfalten slutt, og me måtte halde fram nokre kilometer på oskegrusveg. Nådde to knalloransje fyrtårn samt ein spektakulær utsikt. Vel verdt turen! Kutta litt ned på turen og køyrde attende til Ólafsvik før me tok vegen sørover. I Budhir kikka me på ei spesiell kyrkja, men no var det blitt så seint at me måtte køyre i eitt heile vegen til overnattinga i Laxarbakki.
0 notes
Text
Tumblr media Tumblr media
Heilt ute på tuppen av Snæfellsnes fann me to søte fyrtårn.
0 notes
Text
Tumblr media
Kirkjufell med Kirkjufellsfossen i framgrunnen. Stoppa rett etter Grundarfjördur.
0 notes
Text
Tumblr media Tumblr media
Fann ein heil vegg med basaltsøyler då me var på veg mot Snæfellsjökul.
0 notes