britaipraksis-blog
britaipraksis-blog
Brita i praksis
18 posts
Samfunnsernæring HiOA
Don't wanna be here? Send us removal request.
britaipraksis-blog · 8 years ago
Text
Tumblr media
Før eg starta opp med praksisemnet på Samfunnsernæring visste eg etter endte studier at eg ville arbeide med førebyggande helsearbeid og undervisning. Dette er framleis eit mål eg jobbar mot. Praksis i barnehage og på Geitmyra var såleis eit naturleg val. Då eg skreiv mine læringsmål for praksisperioden på Geitmyra for eit halvt år tilbake var det likevel vanskeleg å sjå for meg akkurat korleis arbeidsoppgåver eg skulle ha og korleis eg skulle utforme læringsmål og arbeidsmetode.
Bratt læringskurve
I løpet av desse fire vekene på Geitmyra har eg hatt ei bratt læringskurve. Det er og bør alltid vere overveldande å starta i praksis eller ein ny jobb. Det tek tid å komma inn i nye arbeidsoppgaver, bli kjent med kollegaer og forstå rutinar og arbeidsrytme. På kjøkkenet på Geitmyra  er det militær presisjon og organisering etter prinsipp frå restaurantbransjen. Det krever litt innsats å lære men er enkelt og greit å forholde seg til. Eg har fått til til å observere og delta i undervisningen. Eg har erfara at for å bli flink til å undervise må ein prøve å feile litt. Evaluering og reflektering av kva som fungerte godt og mindre godt gjorde jobben enklare ved neste høve.
Korleis lære andre å lære
På Geitmyra hadde eg som primært læringsmål å lære meir om didaktiske undervisingsmetodar gjennom aktiv deltagelse og observasjon i undervisning. Eg har fått moglegheit  til å observere undervisning men også fått moglegheit til å leda delar av aktivitetane når anlendingen har krevd det, både åleine og i samarbeid med dei andre assistetar. Det siste har vore spesielt lærerikt. Det er masse å hugse på når ein aktivitet skal gjennomførast. Hugse på alt eg skal sei sjølvsagt, snakke høgt og tydeleg, involvere elevane i undervisning gjennom aktiv deltagelse men samstundes klara å halda kontroll på dialogen slik at undervisning ikkje vert avspora. Det er ein kunst og krev trening. Her har eg framleis masse å lære. Takk og lov for det. Dette hadde vore rart om fire veker med praksis var alt som skulle til for å bli god til å undervisa.   
Barn med spesielle behov
Eit anna læringsmål på Geitmyra var lære korleis ein kan tilrettelegge undervisning for barn med spesielle behov. Alle barn er unike. Dei fleste av elevane på Geitmyra var funksjonsfriske men likevel kan elevar ha ulike utfordringar knytta til undervisningssituasjoner. For å forstå korleis eg betre kunne tilrettelegge undervisning brukte eg observasjon og aktiv deltagelse. Litt prøving og feiling var det sjølvsagt undervegs. Nokre barn treng meir tilrettelegging og forståing enn andre. Nokre barn har følgje av assistent. Det gjer tilrettelegging langt enklare då det finnes meir ressursar til å konsentrera seg om eleven. Andre elevar har kanskje like stort behov for assistent i undervisning men som av ulike årsaker ikkje tilgang på dette. Det nyttar ikkje å bli irritert eller sint når eit barn ikkje vil delta i aktivitetar. Nokre barn barn får ein ein umiddelbar god kontakt med. Men som lærer skal ein strebe etter å ha ein relasjon til alle elevane uavhengig om ein likar måten dei snakkar på eller oppførar seg på. Dette er noko eg har vore bevisst på under heile praksisperioden.
Førstehjelp
Som ein del av det førebuande arbeidet til praksisvekene hadde eg som læringsmål å oppnå grunnleggande ferdigheiter i førstehjelp. Det er eit krav om at alle som jobbar med barn har kompetanse på dette området.  Her fekk eg delta på førstehjelpskurs i regi av UDI for ansatte på sommerskulen i Oslo. Dette var eit kveldskurs med ein rask gjennomgang av alt frå allergiske reaksjonar, korleis stansa akutte blødningar til øvelse i hjerte og lungeredning. Eg i lag med ein annan assistent fekk på sommarskulen ansvaret for å håndtere eventuelle skadar som skulle dukke opp. Til alt hell var det ikkje stort meir enn sjølvpåførte små kutt med kjøkkenkniv eller chili i aguene som krevde ekstra merksemd.
Lesetid
Som siste læringsmål hadde å oppnå kompetanse i årets tema for sommarskulen som var sjømat.  Før oppstart a praksisperioden på Geitmyra brukte eg eg brukte masse tid på å lese om ulike fiskeslag, etisk produksjon av menneksemat, bærekraft, oppdretsnæring og kvalfangst.  Eg skulle gjerne hatt endå meir tid på det førebuande arbeidet. Me då praksisvekene starta opp like etter eksamen vart det likevel litt knapt med tid til dette.
0 notes
britaipraksis-blog · 8 years ago
Text
Tumblr media
Tusen takk Geitmyra for en fantastisk sommer! I går hadde eg siste arbeidsdag på Geitmyra og årets sommerskule på Geitmyra er herved over. Her er ein liten oversikt over mine favorittaugneblikk i vekene som har gått.
Rar mat
Vi er ikkje alltid så flinke til å utnytte alle delar på råvarene vi har.  Visste du at du også kan ete fiskeauge? Etter å ha sløya ein heil fisk, kokt kraft av fiskebeina, kokte vi også fiskehovudet og skar ut augene. To elevar på kvar elevgruppe fekk anledning til å eta fiskeauge. Smaken er visst nok som frisk sjø og konsistensen litt som gummi. Samtlege elevar bortsett frå ein måtte spytta fiskeauget ganske raskt ut igjen. Den eine som klarte å svelge hoppa over tygginga men slukte heile auge. Kanskje like greit.
Kvalsashimi
Jepp, på Geitmyra serverar vi kvalkjøt både rått og grilla. Kvalkjøt frå vågekval er både veldig sunt, velsmakande og bærekraftig. Vil anbefala alle å sjå dokumentaren “Kampen om Hvalen” som ligg gratis tilgjengeleg på NRK nett-TV.
Estetisk mat
For at mat skal være fristande å ete må den ikkje berre smaka godt, maten må  sjå god ut også.  Elevane har på sommarskulen også fått opplæring i korleis ein presanterar maten dei har laga. Geitmyra har om sommaren ein stor kolleksjon av blomar i hagen som kan etast og brukast som pynt.  Enkelte av elvane overgjekk kvarnadre i pynting og på eit av bileta er det smør som elevane har laga som har fått ekstra pynt.
Sykkelsmoothie
På Geitmyra får elevane bruka eigen bevegelsesenergi til å lage sin eigen smoothie. Ein blendar med ein blanding av grønnebladgrønnsaker, frukt og jus  er montert på ein speiseldesigna sykkel. Når barna tråkkar overføres bevegelsesenergien til blendaren der knivbladene roterar. Artig, ikkje sant? Elvane tråkka i veg godt motivert av heiarop og klapping frå resten av gruppa. Smoothien tok litt lenger tid å lage men smakte veldig godt.
Naturfag i praksis
Sommarskule er litt skule og litt feire og i ferien bør alle barn få eta is. Så det så. På Geitmyra gjennomfører alle elevane kurs i produksjon av fire ulike typar iskrem og sorbet utan hjelp av kostbare iskremmaskiner. Den enklaste formen for is lagast ved hjelp av isbitar, salt, to plastposar og eplejus og masse risting.  Saltet smeltar isen men for å få det til stjeler den varmeenergi fra eplejusen. Resultaten er frossen eplesorbet og isvann.  Banansorbeten som vi også laga med honning og lime i ein foodprosessor var min favoritt!
Rykande fersk honning
Fredagar på sommarskulen besøkte vi biene der elevane fekk smaka på honning rett frå bikuba. Kjerneminne for både meg og og dei andre elevane vil eg tru.
Garum
På Geimyra får elevna være med å produsere sin eigen fiskesaus med fermenterte invollar frå makrell. For å få til det måtte elevane lære å sløye fisken. Resten av makrellen grilla vi etterpå. Fiskesauen elevane laga brukte vi seinare i fiskecurry.
Undervisning
Eg har i løpet av desse fire praksisvekene fått observert, lært og praktisert. Tusen takk til mine kjære praksiskollegaer; May Britt, Kristine, Camilla, Anna, Åshild og Ragnhild. Dykk er fantastiske alle saman med massevis av  kompetanse og erfaring som dykk gledeleg delar bort. Eg gler meg stort til å halda fram med samarbeidet utover hausten!
0 notes
britaipraksis-blog · 8 years ago
Text
Tumblr media
Endring i planane
På sommerskulen på Geitmyra starter vi vanlegvis dagane med ei økt med yoga. Men då Geitmyras yogainstruktur måtte bli hjemme grunna sjukdom måtte kloke hoder tenke kjapt.  Eg og assistent Åshild fekk ansvar for eit alternativt opplegg då vi begge egnar oss best som deltakarar og ikkje som yogainstruktørar.. Japansk morgengymnastikk “Rajio Taiso” var det fyrste og beste eg tenkte på.  Fram med youtube og skreiv kjapt ned øvingane på papir. So far so good. Fageleg integritet er viktig på Geitmyra så her måtte eg kjapt google bakgrunnen for denne formen for morgengymnastikk.
Morgengymnastikk= god helse
Rajio Taiso er ein vel integrert del av det japanske samfunnet. Kvar morgon på skular, i barnehagar, på arbeidsplassar og i parkar står mennesker på rad og rekke og gjer dei same øvingane til klassisk musikk. Rajio betyr radio og taiso betyr fysisk aktivitet. Øvingane frå slutten av 1920-talet vart nemleg opprinneleg kringkasta på radio så difor heng ordet Rajio framleis ved. I utgangspunktet vart øvinga utvikla for japanske soldatar for å halda dei ved god helse.  
Rajio Taiso @ Geitmyra
Alle 40 elevar i skulgården vart samla pent og pynteleg i rekker og vi sørga for god plass rundt alle for fri rørsle.  Vi starta å fortelje litt om bakgrunnen til japansk morgengymnastikk for så etter beste evne å beskrive og demonstrera øvingane. Kvar av øvingane vart repetert 10-20 gonger. Nokre av øvingan var nok litt uvante så litt latter var uungårleg. Men så stod vi alle der, både elevar og lærerar og brått var alle så konsentrerte. Etter 10 minutt var i alle litt varme i trøya og litt ledigare i rygg og skuldre. Vi vil anbefale alle å gjere Rajio Taiso kvar morgon. Det gjer godt for kropp og sjel.
Du kan også lese meir om japansk morgengymnastikk her
0 notes
britaipraksis-blog · 8 years ago
Text
Tumblr media
Ti tips til deg som ønsker deg praksisplass på Geitmyra matkultursenter for barn.  
1. Les
Kunnskap er makt. Møt forberedt til temaene det skal undervisast i. Bruk tid før praksisperioden med å lesa deg opp om råvarer som skal brukast og temaer som det skal undervisast i. Elevane er svoltne på læring og stiller ofte mange spørsmål. Geitmyra driver ikkje vranglære men etterstreber alltid å presantere fakta på ein balansert måte.
2. Tålmod
Det er kun flotte barn og ungdom på Geitmyra. La deg ikkje skremme av at dei til tider kan vere både høgrøysta og brautande. Med tid vil du forstå kva du må ignorera og kva du må korrigera. La deg heller imponera over kor masse dei kan og kor flotte og unike alle elevane er. Å jobba med barn og ungdom er ein gave. Pass på at alle elevar har det gøy og har nokon å henge med i friminuttene. Du kjem nok ikkje til å klara hugse alle navn og ansikt men dei veit kven du er og kjem aldri til å gløyme den gongen dei var på Geitmyra.
3. Initiativ
Det er alltid masse å gjere på Geitmyra. Hvis du ein periode føler det er lite å gjere så tar du feil. Det er ALLTIID masse som skal gjerast. Dei ansatte har muligens ikkje alltid tid til å sette deg i arbeid. Bruk augene skapt og få med deg det som skjer og seinare det som skal skje. Ta initiativ til å løse oppgaver som skal gjerast.
4. Tempo
Vær nøyaktig og rask når du utfører arbeidsoppgaver. Slurv er ikkje akseptert. Hugs at du jobbar med kokkar som er vant med høgt tempo og arbeidspress.
5. Matrestrar
Ikkje legg for masse middagsplanar medan du har praksis på Geitmyra. Det er alltid restar og du får med deg plenty av mat heim hvis du vil.
6. Respekt
Både elvevar og ansatte et maten som vert laga saman.  Det er ingen grunn til å være bekymra for mathygiene. Snakk positivt om maten og ros elevane for innsatsen. Du er ein rollemodell.
7. Etter arbeidstid
Ikkje legg for masse planar for etter arbeidstida heller, spesielt ikkje dei første dagane. Det er både fysisk og mentalt krevande å jobba på Geitmyra. Du kjem til å bli sliten, kanskje fullstendig pumpa også dei første dagane. I følge dei andre ansatte er dette ein heilt normal reaksjon. Det går over.  
8. Pause
Ta ein liten pust i bakken når føler du kan forsvinne i fem minuttar. Du kjem til å trenge det sjølv om det er vanskeleg å finne eit høveleg tidspunkt. Ingen kjem til å minne deg på å ta pause eller takke deg for at du avstår frå det. Pause er viktig.  
9. Kaffe
Drikk du ikkje kaffe frå før av så start no. Melk i koppen er valgfritt. Just sayin´
10. Smil
Geitmyra er ein fantastisk plass å hospitera!! Dette er samfunnsernæring i praksis! Du kjem til å lære mykje om førebyggande helsearbeid, råvarekunnskap, matlagingsteknikkar og pedagogikk. Smil og vær positiv ovanfor elevane og dei ansatte. Hvis du klarar dette kan det jo hende du får komme tilbake for betalt arbeid også. Lykke til!
0 notes
britaipraksis-blog · 8 years ago
Text
Tumblr media
Ein gut på fem år i barnehagen spurte meg her om dagen;  “hvorfor elsker du grønnsaker Brita? Tja, kva skulle eg svara på eit slikt spørsmål men eg skjønte jo godt kvifor denne guten stilte meg nettopp dette spørsmålet. Etter at eg starta med praksis i barnehagen, introduserte eg ganske raskt eit lite måltid med rå grønnsaker før varmmat eller matpakkemåltid.  Eg tok med barna på å kutte opp grønnsaker, lage vegetariske varmrettar, dro på butikken for å kjøpe grønnsaker og laga vår eigen liten kjøkkenhage i barnehagen. Det er jo absolutt mogeleg at barna (med god grunn) trudde eg var fullstendig besatt av grønnsaker!
Meir grønnsaker til alle barn
Eg vil gjerne at ALLE barn skal eta meir grønnsaker og ikkje berre barna i Husebygrenda barnehage, eller mine eigne fire jenter for den saks skuld. Grønnsaker er jo så godt, fullstappa med vitaminer, mineralar, fytokjemikaliar og antioksidantar. Grønnsaker som styrker immunforsvaret vårt, gir betre tarmflora og har tyggemotstand som gir sterke tenner. Dont get me started on “klemmeposar”! Grønnsaker er heil mat med reine smakar.  Et ein meir grønnsaker et ein kanskje også mindre av mat som ikkje er like helsebringande som grønnsaker.
“Fem om dagen”
Helsedirektoratet vil gjerne at vi skal få i oss fem porsjonar grønnsaker, frukt og bær kvar dag. Men visste du i denne anbefalingen om fem om dagen bør halvparten av dette være grønnsaker? Det kan nok for mange vere lettare å fylle opp dagens “kvote” om mestepraten er frukt. Frukt likar jo dei aller fleste men grønnsaker høyrer eg diverre ofte at mange og spesielt barn ikkje er så glade i.
Grønnsaker må vi rett og slett lære å lika
Grønnsaker har i motsetning til frukt har ein bitter smak. Vi er frå fødselen programmert til å lika smaken søtt. Bittert derimot, er ein smak vi må ein lærast opp til å lika. Gulrøtter er kanskje den enklaste grønnsaken å få barn til å lika då dei er naturleg søte på smak.  Men andre grønnsaker som kålrot, brokkoli, selleri eller reddik treng barn gjerne litt tid på å lære å lika.
Gruppementalitet
Det var ikkje alle barna som åt alle grønnsakene til kvart måltid i barnehagen. Det er heller ikkje viktig. Men gjennom å sjå og lære av kvarandre og kopiere adferd var det fleire og som turte å smaka på andre grønnsaker enn dei kjente og trygge sortane. Plutseleg gjekk det sport i å tømma heile fatet med grønnsaker eller å vera den som åt flest bitar av grønnsaker.
Vaksne er gode rollemodellar
Dei ansatte har også knaska seg også gjennom grønnsakssortimanget, fulle av lovord om den gode smaken av grønnsakene. Eg er heldig som har fått jobba i lag med ein så positivt innstilt gjeng ansatte. At vi vaksne seier at maten er god er ikkje nok.  Vi må også visa at vi likar maten, korleis vi et maten, samstundes som vi også gjer måltidet til eit hyggeleg avbrekk frå andre aktivitetar og leik.
Betre tilgang gir økt inntak
Tidlegare vart grønnsakene i denne barnehagen servert på eit enkelt fat per bord og ofte i kombinasjon med eit brødmåltid. Lite grønnsaker vart servert og enda mindre av dette vart ete opp. Etter mi vurdering åt barna lite grønnsaker då barna hadde dårleg tilgang på grønnsaker.  For det første var dei vanskeleg å få auga på i skuggen for høge mjølkekartongar. Barn er låge og har difor dårleg oversikt over kva som er på eit bord. Endå vanskelegare var det nok også å strekka seg til desse grønnsakene hvis barna satt for langt vekk. Det er heller ikkje alle barn som er like komfortable med å be om få tilsendt mat over bordet. Når grønnsakene vart servert samstundes med brødmat var det også brødmaten barna var mest fokusert på.
Etter å høyrt og lest om om BRA-studien som skal finne tiltak for å øke inntaket av grønnnsaker i barnehager var eg spent på om nokre av desse tiltaka også kunne ha overføringsverdi i min praksisbarnehage. Etter å ha observert mattilbudet og måltidene serverte vi no grønnsakene på fleire små fat utan andre distraherande matvarer slik at dei var lettare tilgjengeleg for alle små nevar.  Det var eit vellukka eksperiment og etter kort tid var eg ikkje åleine om å elska grønnsaker.
Så kva svarte eg denne guten; Brita elskar grønnsaker fordi det smakar så godt og fordi kroppen min vert så glad når eg et grønnsaker. Enkelt og greit.
Kilder:
https://helsedirektoratet.no/folkehelse/kosthold-og-ernering/kostrad-fra-helsedirektoratet#3.-spis-minst-fem-porsjoner-grønnsaker,-frukt-og-bær-hver-dag.
https://helsedirektoratet.no/retningslinjer/retningslinjer-for-mat-og-maltider-i-barnehagen
http://www.med.uio.no/imb/forskning/prosjekter/bra-studien/
0 notes
britaipraksis-blog · 8 years ago
Text
Tumblr media
Håpar alle har hatt ein fin sommarferie! Eg har kost meg med flotte fjellturar i både Jotunheimen og Stølsheimen. For eit vakkert and vi bur i! Det var likevel godt å komma heim att til ein overgrodd hage og for å fullføre siste vekene med praksis.
Siste praksisveke i barnehagen er no fullført. Alt godt har dessverre ein slutt. Det har vore så lærerikt for meg å være der og eg har trivst godt med å jobba med barna og dei andre ansatte. Størst læringsutbytte har eg nok hatt ved å  gjennomføre matrelaterte aktivitetar i lag med barna og erfara kva som fungerer godt og kva som kanskje ser ut til å fungera mindre godt. Eg har også brukt delar av tida på å lære bort kompetansen eg har opparbeida meg så langt gjennom studiet til dei ansatte i barnehagen. Dette gjeld mellom anna matalginsteknikkar, sammensetning av måltider, mathygiene for institusjonar samt tilberedning av allergimat.
“ORNING & REDA”
Denne siste veka har vore ganske roleg med få barn i barnehagen. Ferien er nok ikkje over for dei aller fleste. Vi har difor nytta tida til diverse oppryddingsprosjekt i barnehagen. Eg har naturleg nok konsentrert meg om kjøkkenet og gått bananas med dymomaskina. Orden og struktur er nødvendig for effektiv og hygiensik matlaging. Håpar det nye systemet fell i smak hjå dei ansatte! Frysaren fekk også gjennomgå. Ein av utfordringane barnehagen mangel på oppbevaringsplass av mat. Frysaren var stappfull av masse matrestar som aldri vart brukt + litt glutenfritt som absolutt blir brukt. Det var null plass til frosne grønnsaker som eg har snakka så varmt til sunn og effektiv matlaging for mange.
Etter avriming og nøye evaluering av diverse identifiserbare og uidentifiserbare substansar vart frysen nesten tom og endene i Holmendammen fekk seg eit lite festmåltid. Då stod vi igjen med ein nesten tom frysar som vi på nytt fylte med rundstykker og pizzasnurrer både med og uten gluten. Dei få barna som var i barnehagen tykte det var heilt strålande å få være med på så masse baking heile veka. Hvis nokon av dykk vil ha oppskrift på sunne glutenfrie pizzasnurrar som også smakar godt så rop ut! Etter diverse eksperimentering og prøvesmaking på kjøkkenbenken vart resultatet ganske så bra om eg må sei det sjølv..
Lite sol=lite grønnsaker
Kjøkkenhagen har vokst masse i ferien men lider litt under mangel på sol. Det er jo heldigvis fin læring dette også for barna at grønnsaker ikkje veks optimalt når dei ikkje får tilgang på optimale solforhold. Til neste sesong må eg finna fram meir skuggetålande grønnsaker som barnehagen kan dyrke. Grønnsakene skal få stå nokre veker til før barna kan dra opp både poteter, gulrøtter og reddikar. Graslauk og salaten er heldigvis klar for å etast no.
Smitteeffekten
Grønnsaker før måltidene har fungert heilt supert! Dei ansatte (og eg) er så positivt overraska over kor glade barna har blitt i å knaske grønnsaker. Aller mest populært er det med grønnsaker med “dup” som dei kallar det, altså kesam med litt sitronsaft. Det har blitt ein rutine å alltid kutte opp og servere grønnsaker før enten varmmat eller medbrakt matpakke. Ei av dei ansatte fortalte her om dagen at ho får i seg så mykje meir grønnsaker no etter at at eg introduserte rå grønnsaker i barnehagen, og at ho også kuttar opp grønnsaker som snacs heime OG har videreført dette til romkameratar så vel som familemedlemmar. Dette var så artig å høyre og varmar hjartet til ein ernæringsstudent:-)
I morgon startar eg opp igjen med to nye veker med praksis på Geitmyra matkultursenter for barn. Gledar meg stort allereie!
0 notes
britaipraksis-blog · 8 years ago
Text
Tumblr media
May Britt Stormoen er min veileder under praksisperioden på Geitmyra. Denne dama er eit skikkelig rivjern altså. Kunnskapsrik, engasjert, positiv og raus med unike kompliment til elevar og kollegaer. Det er alltid høgt tempo på Geitmyra så difor føregjekkk intervjuet over mail i staden. Førstkommande mandag startar  sommarskulen på Geitmyra opp igjen etter nokre veker med sommarferie. Gledar meg stort allereie!
Aller først kan du fortelle litt om bakgrunnen din og hvordan endte du opp som undervisningsleder på Geitmyra?
Jer er utdannet kokk med fagbrev og omsorgsarbeider.
Jeg har jobbet i restaurantbransjen i over 15 år, både som kokk og kjøkkensjef. Har også jobbet i flere år på Gutta på haugen(delikatessebutikk), vært produktutvikler, jobbet med reklame etc. Alle disse jobbene har sørget for ett bredt kontaktnett i matbransjen spesielt, på alle nivåer. Fra leverandører til ansvarlige i div etater og ikke minst ekstremt kunnskapsrike mennesker.
Jobbet også en periode på grunerløkka sykehjem.
Det var tilfeldigheter som gjorde at jeg endte opp på Geitmyra. jeg hadde sagt opp jobben min som kjøkkensjef og hadde 3 mnd pustepause etter å ha jobbet ekstremt mye parallellt med å ha småbarn hjemme. Jeg traff Andreas Viestad tilfeldigvis på gata og kom på at jeg hadde lest en notis om ett matkultursenter som han skulle åpne på Sagene. Jeg sendte inn en åpen søknad, og fikk jobb som kursholder og vikar i skoleundervisningen. Ekstremt bratt læringskurve. Jeg hadde ingen undervisningserfaring fra før.
Jeg utviklet super-fredag for barnehager, hadde familiekurs etc etc. Jeg ble kjapt vikar for daværende undervisningansvarlig i perioder, og tok over den jobben tilslutt.
Jeg slukte all kunnskap jeg kom over og forsto at ungene responderte meget bra på det jeg gjorde. UDE gav supre tilbakemeldinger, og jeg følte jeg hadde funnet min nisje.
Kan du beskrive en typisk dag (hvis det finnes noe sånt) på Geitmyra?
En typisk dag på Geitmyra varer fra 8-16. Det er det eneste som er typisk:-) Alle dager er ulike. De preges av barna som kommer. Både med alder, forkunnskaper, oppførsel og utfordringer. Vi har en grunnstruktur og ett mål. Barna skal ha det supert og LK-06(kompetansemål) skal oppfylles. Grunnstrukturen er kjøreplanen og opplegget vi lager med forskjellig tematikk.
Forarbeid fra 8-9. Etterarbeid fra 14-16
Den timen på morgenen er veldig travel.
Elevene kommer kl 9 og er hos oss vanligvis til kl 14.
Vi legger læring i alt vi gjør. Og alt vi gjør er av en grunn. Det å ha vært kokk har skrudd hodene våre litt rart sammen, da vi alltid tenker fremover, både dager og uker. Vi er ekstremt gode på logistikk, systemer og gjennomføring/problemløsing. Barna kommer alltid først!
Hvilke personlige egenskaper må man ha for å jobbe på Geitmyra?
Nysgjerrig, blid, vitebegjærlig, ydmyk,ha humor, evnen til å se andre, ha mat-kompetanse ,helst ha undervist eller jobbet med barn før, gjennomføringskraft, elske mat og prosessene bak dannelsen av mat, se sammenhenger, være barnslig på en voksen måte, være klar og tydelig og overbevist om at det vi gjør er viktig. Det er ikke alle som takler arbeidspresset hos oss. Det skal gå kjapt og være nøyaktig.
Hvordan overbeviser du elever til å smake på noe som de aldri har smakt på før?
Vi forventer at barn smaker, og forteller dem det. Så lenge man smaker på litt er det ok å si at man ikke liker det.
Men vi presser dem ikke. Jeg vil gjerne at barna forteller hvorfor de ikke vil smake, og hva de synes det smaker. Sett ord på smaken. Noen barn har mat-aversjon og spiseforstyrrelser av ulike slag, og da prøver vi så godt vi kan å gjøre mat til noe spennende og gøy. Å lage mat til andre er gøy, spesielt når "gjesten" sier at det smaker godt. Uavhengig av om man spiser det selv.
Unger digger fakta, så lag mat og server historien bak råvarene eller retten.Sist men ikke minst, smak på elevens mat. Spis sammen med dem. Det er flere lærere som ikke spiser maten barn lager, eller spiser sammen med barna. Det er uhyre respektløst!
Hva er den største utfordringen slik du ser det med å drive Geitmyra som undervisningsinstitusjon?
For meg som undervisnigsansvarlig ligger det ett stort ansvar og arbeidspress i å motiverer de andre som underviser, og å sørge for at vi alltid er i forkant av andre undervisningsinstitusjoner. All mat vi lager skal være supergod, og det skal være en god grunn og bunnsolid læring i det vi lager. Vi liker å sette igang prosesser som tar tid, men alle ting skal ha en overføringsverdi til hjemmet.
Det som også er utfordrende er å finne "vår sannhet" i all informasjonene som finnes. Vi bruker mye tid på å diskutere og drøfte problemstillinger og ny forskning. Vi er ikke redde for å innrømme at vi kan ta feil, eller å spørre om hjelp/råd fra fagpersoner og lærde. Det som også er utfordrende er å sjonglerer ulike aldersgrupper som man skal lage opplegg for. Med forskjellig tema, lage nye oppskrifter og undervisningsmateriale. Dette skjer i tillegg til andre arrangementer vi har som man også skal bistå andre med. Mitt ansvar er å sørge for at det vi gjør har en overføringsverdi, og er av topp kvalitet i alle ledd.
UDE er vår hovedarbeidsgiver, så alt må være faglig korrekt. Å finne nye ansatte er vanskelig, da jobben vår er en livsstil,ikke en 9-16 jobb...
Jeg er imponert over hvor mye kunnskap dere som jobber på Geitmyra har om matlaging og evnen dere har til å formidle matglede til elevene. Er det noen kompetanseområder som dere savner og skulle hatt mer av på Geitmyra?
Vi skulle gjerne hatt mer tid til å tilegne oss enda mer kunnskap og å knytte kontakter med andre som driver med det samme som oss. Både private og offentlige undervisningsinstitusjoner. Noen av oss vil gjerne ta ped , noe som vil styrke vår faglighet og gjennomslagskraft og kredibilitet ( dette er hva jeg tror). Vi skulle svært gjerne hatt enda flere i arbeidsstokken som kunne fordypet seg i spesielle temaer og aldersgrupper.
Har dere en langsiktig strategi for driften av Geitmyra og i så fall hvordan ser du for deg at Geitmyra matkultursenter for barn er ti år fra i dag?
Driften økonomisk er det daglig leder som styrer. Vi er avhengige av statlige,kommmunale og private midler. Som vi gjerne skulle hatt mer av:-)
Geitmyra skal utvides med flere typer matkultursenter rundt om i landet. Forhåpentligvis blir det også ett undervisningssenter i Geitmyra skolehage. Den langsiktige strategien er å få flere barn til å bli glad i mat som gjør dem godt, og å få voksne til å forstå at barn kan! Sørge for at en god helse skal være en selvfølge for alle barn, og gi dem grunnleggende kunnskap til å ta gode matvalg i fremtiden.
Hva er ditt beste tips til fremtidige ernæringsfysiologer som ønsker å jobbe med undervisning i mat og helse?
Lag masse mat! Spør om å få lov til å hospitere forskjellige steder innenfor matindustrien. Opparbeid dere matkompetanse. Matglede kommer man langt med. Still spørsmål sammen med barna. Ikke bannlys visse typer mat. Lær barn måtehold og la dem smake og lage sunn mat som smaker digg. Noe som barna er stolte av å lage til kompisene sine. Vær nysgjerrig, det smitter over på barna. Bruk naturen rundt skolen/barnehagen rundt deg. Det finnes mat overalt. Tenk ut av boksen. Ett besøk i fiskehallen for å lære om bærekraftig fiske er verdifull læring. Bygg videre på kunnskapen de tilegner seg. Forvent mye av elevene. og gi dem lekser i å lage mat hjemme. Få med foreldrene på laget.
0 notes
britaipraksis-blog · 8 years ago
Video
tumblr
Ein ganske vanleg dag i praksis på Geitmyra. Snurr film!  
Musikk: http://www.bensound.com
0 notes
britaipraksis-blog · 8 years ago
Text
Tumblr media
Geitmyra matkultursenter for barn er ein stiftelse som lærer barn om matlaging, dyrkning, bærekraft og å lika mat som er bra for helsa. Sjølve gården Geitmyra frå midten av 1700-talet er eigd av Oslo kommune. For utan å halda  undervisning i mat og helse for skuleelevar i Oslo har Geitmyra ein rekke kurs og åpne arrangement gjennom året. Eg er på Geitmyra for å lære om korleis ein  underviser barn om mat og kosthold og har fått lov til å bistå under årets sommarskule som Geitmyra arrangerar for elevar ved sjette og sjuande klassetrinn.  
“Å jobba på Geitmyra er ein livsstil”
Jeg føler meg utruleg heldig som har fått praksisplass på Geitmyra. Eg bestemte meg for å studere ernæring då vil jobbe med førebyggande helsearbeid. Vi har lite didaktikk på studiet og eg ville difor gjerne bruka praksistida mi på å nettopp læra meir om korleis ein lærer bort med barn som målgruppe. På Geitmyra er eg omgitt av dyktige ansatte med stor faglig kompetanse om både matlaging og ernæring og som i tillegg  brenner for arbeidet dei gjer. “Å jobba på Geitmyra er ein livsstil”, var det ein av lærarane på Geitmyra som fortalte første praksisveka. Det kan jeg godt forstå då alle ansatte yter maksimalt for at alle elevar skal ha det bra.  
Observasjon og aktiv deltagelse
Det er alltid mykje å gjere på Geitmyra, både forkant og etterkant av kvar undervisningsøkt. Det går mykje tid til å ordne i stand og rydde opp, vaske og førebuingar til det neste aktivitet på planen. Elevane har ikkje berre undervisning men også god tid til frileik eller alternative aktivitetar som er meir eller mindre voksenstyrt for dei som ønsker eller har behov for det.  Mine arbeidsoppgaver av blant annet bistå med undervisning ved behov og veilede barna under matlaging samt hjelpe til med førebuingar til undervisning og etterarbeid.
Utan trivsel, ingen læring
Vi er i lag med med elevane på sommarskulen hele tida, både når dei har undervisning, under måltidene og friminuttene. Vi hjelper elevane med å finne lekekamerater slik at de kan knytte nye vennskapsbånd. For at barn skal lære må dei også trivst og ha det gøy. Dette er viktig prinsipp for alle som jobbar på Geitmyra. Vi vi diskutere ofte oss i mellom korleis vi best kan tilrettelegge for at kvart enkelt barn kan skal ha det gøy Geitmyra. Nokre barn har behov for meir kontakt med vaksne og treng støtte for å bli kjent med andre born. Andre finn lett nye leikekamerater men har kanskje likevel behov for at vaksne rammar inn leiken slik at ingen i barnegruppa dominerar den frie leiken.  Et av sosiale måla for sommarskulen er at kvar enkelt elev skal ha minst eitt nytt telefonnummer på vennelista etter ei veke på sommerskole på Geitmyra.
Tverrfagleg undervisning
På sommerskulen har elevane også tverrfaglig undervisning med fokus på naturfag og matte. Elevar får eksempelvis bruk for mattekunnskapene sine når dei må halvere ei oppskrift eller dei vert introdusert for miljøreknskapet for oppdrettsfisk. Elevane lærer om også gjæringsprosesser under brødbaking, kvifor egg kan kan få vann og olje til å blanda seg og bli til majones og mykje mykjer meir.  Det mest ekstreme naturfagsundervisningen under sommerskulen er nok når det vert laga vaniljeis ved hjelp av flytende nitrogen. Fleire av elevane ville gjerne prøve dette heime også med dette fraråde vi sjølvsagt på det sterkaste..
Sammenhengende prosesser og hektiske sommardagar
Å beskriva ein heilt vanlig dag på Geitmyra er ikkje berre enkelt. Det er høgt tempo og vi veksler mellom ulike matrelaterte aktiviteter flere gonger dagleg. Dei fleste aktivitetene henger sammen med kva vi gjorde dagen før eller det vi skal gjere dagen etterpå. Eksempel på dette er korleis vi dag ein lager vår egen yoghurt, dag to setter den til avrenning og bruker den til yohurtdresseing sammen med urter fra hagen tredje dagen.  Dag fira brukar vi mysen frå yougurtproduksjonen til å koka vår egen prim. Den aller beste jeg har smakt! Ingen restprodukt vert kasta. Tang og tare vi brukar til ovnsbaking av kveite strør elevane sidan rundt om i kjøkkenhagen som gjødsel. Elevane lærer om bærekraft og miljø og kvifor vi bør redusere avfallet til eit minimum. I morgen har jeg difor planar å lage en ny filmsnutt om ein vanleg dag på praksis slik at kjære lesarar kan få eit betre bilete (bokstavleg talt) av det vi gjer på ein ganske så vanleg dag her på Geitmyra.
https://www.geitmyra.no
0 notes
britaipraksis-blog · 8 years ago
Photo
Tumblr media
0 notes
britaipraksis-blog · 8 years ago
Photo
Tumblr media
0 notes
britaipraksis-blog · 8 years ago
Text
Tumblr media
Dei tre første vekene av praksisperioden i barnehagen er over og eg er skrivande stund også godt i gang med praksis på Geitmyra matkultursenter for barn. Her vert det gjennomført sommarskule for sjetteklassingar i fire veker i sommar og det er dette eg er så heldig å få vere med på. I følgje dei ansatte er desse fire vekene ekstremsport med eit tettpakka tverrfageleg program frå tidleg morgon til ettermiddag. Tema for årets sommarskule er sjømat. Eg har no fullført snart to av totalt fire veker på Geitmyra.. Det er utruleg kjekt å sjå kor engasjerte og lærevillige elevane. Men meir om dette seinare, ellers vert eg aldri ferdig med dette blogginnlegget i kveld..
I august skal eg ha min siste av i alt fire praksisveker når barnehagen opnar igjen etter sommarferien. Det var hektiske med lærerike veker der eg også koste meg masse meg å jobba med barna og dei andre ansatte i barnehagen.  Eit av mine læringsmål med praksisperioden i barnehagen var å læra meir om didaktiske undervisningsmetodar gjennom gjennomføring av matrelaterte voksenstyrte aktivitetar med barna.
Mange planar men så lite tid
Med unntak av  to aktivitetar vart all undervisning eg hadde planlagt gjennomført. Men dette skal vi ta igjen i august då fleire små hadde gleda seg masse til å lage fugleskremsel og innsekthotell til kjøkkenhagen vår som eg måtte utsette grunna mangel på tid. Tid ja. Det tek lang tid har eg erfart å både planlegge og gjennomføre ein vellukka voksenstyrt aktivitet. Aktiviteten skal være gjennomtenkt, ha eit formål og vera retta mot målgruppa. Rett utstyr på vera på plass og barna må få god nok instruksjon. Aktiviteten må ikkje vera for lang eller for kort. Nokre barn treng litt meir hjelp og veiledning enn andre. Nokre barn følgjer ivrig med medan andre lar seg lett distrahera. I tillegg er det ikkje alle barn som er så glad i voksenstyrte aktivitetar og føretrekk den frie leiken. Eg evaluerte alle aktvitetar i etterkant og brukte erfaringane mine til å forbetre dei neste aktivitetane vi skulle gjennomføre. 
 Heller leik enn luking
Det var ikkje alle aktivitetar som det det alltid var kjemperespons for.  I hvert fall ikkje sånn umiddelbart og spesielt ikkje når dette medførte at barna måtte bryta ut av ein godt etablert frileik. Eksempelvis kunne dette vera luking og tynning i kjøkkenhagen.  I slike tilfeller starta eg rett og slett opp med aktiviteten på eiga hand, og rikka meg til med utstyret eg trong. Det tok nemleg ikkje lang tid før det eine nyfikne småtrollet etter det andre ville vera med. Plutseleg var det ein heil liten gjeng som ville luka og vatna og lære meir om plantene i kjøkkenhagen.  Og apropos kjøkkenhagen vår så er den førebels i hvert fall eit vellukka prosjekt.  Poteter, gulrøtter, salat, reddik og gressløk og solsikker veks og trivst godt. Barna har med tiden blitt kjempeflinke til å vatna og halda grønnsaksbedene frie for både ugras og brunsneglar. Spesielt to av barna hadde sin det siste som sin spesialitet.
Meir grønnsaker og nye måltidsrutinar 
I tillegg til å ha gjennomført matrelaterte aktivitetar med barna, har eg også sett litt på matrutinane i barnehagen. Ein av endringane vi gjorde var å bytta fruktmåltidet på slutten av dagen med rå oppkutta grønnsaker og flytta tidspunktet for servering av dette måltidet til før barna spiste matpakken. På dette tidspunktet er barna meir svoltne. Grønnsakene, serverte vi ofte i lag med dip. Kesam med litt sitronsaft var ein slager. 
Det var så gøy å sjå korleis barna kasta seg over grønnsakene. Gulrøtter, agurk, paprika og sukkererter var det alle som spiste og likte men vi prøvde også å introdusere andre grønnsaker slik som rå søtpotet (det er kjempegodt), kålrot, brokkoli og selleri. Dette vart akseptert hjå dei aller fleste. Vi prøvde også å bytte ut kesam med hummus nokre dagar men det var ikkje så populært. Barna åt likevel matpakken sin sjølv om dei fekk litt grønnsaker servert først. Alt i alt var både eg og dei ansatte nøgd med innføringa måltidet med rå grønnsaker.  
Delar av barnegruppa fekk også vera med å handla inn grønnsakene som skulle serverast. Ein flott aktivitet i seg sjølv for å vekka interessen for grønnsaker. Kjøleskapet som barnehagen disponerar er ikkje så stort så det vil vera naudsynt for barnehagen å fordela innkjøpene av grønnsaker gjennom veka.
 Nye oppskrifter til barnehagen 
Eg har også jobba med å laga ein oppskriftshefte til barnehagen. Første versjon er allereie overlevert. Planene er å utvida heftet med endå fleire oppskrifter tilpassa barnehagens behov men samtidig næringsrike og relativt enkle å laga. Rettane måtte også ta hensyn til matallergi i barnegruppa då tillaging av spesialkost tek ekstra tid. Barna er ofte involvert i matlaginga i barnehagen så rettane måtte også nødvendigvis egna for barn å vera med på. I tillegg ville gjerne auka barnas inntaket av grønnsaker også gjennom varmmaten. Eg har dei første tre vekene eksprementert litt både i barnehagen og på kjøkkenbenken heime med fire jenter som kritiske prøvekaniner. Eg gler meg til halda fram med dette prosjektet også når eg returnerar til barnehagen i august!
0 notes
britaipraksis-blog · 8 years ago
Text
Tumblr media
Tredje veka i praksis dro førskulegruppa på tur Grønland.  Matkultur var dagens tema og vi skulle kjøpa grønnsaker og frukt som barna verken hadde sett eller smakt på før. Matvarene vi kjøpte der skulle vi bruke i varmmaten neste dag i barnehagen. Det var jo ein fin plan, det tykte eg i hvert fall sjølv.  Likevel vart dagen litt anleis enn det eg hadde sett for meg..
Turen til Grønland og matvarene var rett nok spennande men det var tagging som vekte umiddelbart engasjement hjå barnegruppa.  Nokre av barna meinte det var stygt, andre litt rart eller kult.  Vi hadde heldigvis god tid og la vekk den umiddelbare planen om kjøpe grønnsaker og lot barnas interesser vera førande i valg av aktivitet, i hvert fall for ei lita stund. Vi vendte dermed snuta mot Grünerløkka og Blå i staden for å sjå litt på graffitikunst. Stor sukess!  Vi kunne sikkert ha studert graffiti heile dagen, så måtte til slutt gå nedover Akerselva igjen for å kjøpa grønnsaker.
Etter litt diskusjon og forhandling endte opp med kassawa, bitter melon, papaya, okra og kokebanan, frisk koriander og miniagurk.  Neste dag lagde vi curry og stekt ris av alle grønnsakene frå Grønland med barna sjølv som kokkar. Spesielt var det kokebananen som dei var spesielt opptatt av å kutta opp og leita etter i curryen som vi laga.  Det var nok ikkje alle som likte maten så godt denne dagen men alle smakte og det var alle einig om at var ein god start. Det blir nok ikkje lenge til neste gang barnehagen drar på tur til Grønland.
0 notes
britaipraksis-blog · 8 years ago
Video
tumblr
Ein vanleg dag i praksis.
Det kan jo vera litt einsformig å lesa side opp og side ned om kva eg gjer på ein ganske så vanleg dag i praksis. Eg tenkte difor at ein liten filmsnutt om dagen min ville vera meir interessant for dei fleste. Denne filmen laga eg andre veka i juni men grunna avslutningsmaraton i juni vart den først publisert i dag. Andre småbarnsforeldre vil nikka samtykkande..
Enjoy!
Musikk: http://www.bensound.com/royalty-free-music 
0 notes
britaipraksis-blog · 8 years ago
Text
Tumblr media
For utan å få erfaring i å undervisa små barn er også ein av arbeidsoppgåvene mine å evaluere mattilbud i barnehagen. Til vanleg vert det servert to varme måltider i veka i tillegg til at barnehagen bakar grovt brød eller rundstykker dei resterande tre vekedagane.  Det blir også servert frukt etter siste måltid som er medbrakt matpakke. På bakgrunn av observasjon av matmiljøet og matilbodet i veka som har gått, skal eg kommande veke i samarbeid med dei ansatte i barnehagen endre litt på måltidsrutinane og i tilegg introduserer nokre nye rettar.
I helga har eg brukt jentene mine som prøvekaniner for den nye barnehagematen men er likevel litt spent på korleis dette vil bli mottatt av barna. Vi skal mellom anna skal vi fokusere på auke inntaket av grønnsaker ved fleire grønne varmmåltider og servering av rå grønnsaker med kesamdip.  Det mange omsyn å ta i ein barnehage når ein skal planlegga måltider der alt frå tid, økonomi og allergi, avgrensar valgmoglegheitene. Dei ansatte er heldigvis ein sporty gjeng som ikkje er redd for å prøva ut nye ting og har samstundes god kunnskap om matlaging.
Eg skal halda dykk oppdatert om korleis det går med matprosjektet i barnehagen!
0 notes
britaipraksis-blog · 8 years ago
Text
Tumblr media
Hei og hopp som tida flyg!
No har eg har allereie fullført fyrste praksisveke. Før eg byrja i praksis hadde eg laga eit undervisningsopplegg for barna med daglege mattelaterte aktivitetar. Den fyrste dagen sådde vi frø i kjøkkenhagen og planta poteter. Neste dag eksperimenterte vi med å kutte opp grønnsaker i former og figurar. Så kom turdagen og då hadde eg planlagt vi skulle lage neslesuppe av brennenesle vi fant på turen i skogen. Vi trengte ikkje å leite lenge før vi hadde posen full og vel så det av flotte toppskudd av brennenesle. Fredag laga vi merkepinnar til kjøkkenhagen av skeier kjøpt på loppemarked.
Mellom aktivitetane så er det full rulle med måltider, leik og massevis av moro. Det er utan tvil ein hektisk kvardag å jobba i barnehage men så utruleg givande. Det eg tykkjer er aller mest kjekt med å jobba med barn er at ein hele tida får spontane og konkrete tilbakemeldingar; ”nei dette smakte vondt” eller “dette var gøy.” Dette gjer det også enklare å evaluere aktivitetane vi har hatt.
To viktig erfaring eg har gjort så langt er at aktivitetar eg trur tek kort tid slett ikkje treng å gjera det i praksis. Dette gjeld også i motsatt høve.  Aktivitetar som eg på førehand hadde valgt ut for dei ulike aldersgruppene var heller ikkje alltid like vellukka for alle, då interesse og tålmodet til barn er meir personavhengig enn aldersbetinga. 
Neste veke skal eg fokusera på dei aller minste barna i barnehagen. Då skal vi mellom anna laga fugleskremsel og innsektshotell til kjøkkenhagen og så solsikkefrø i potter som barna skal få ta med heim før ferien.
0 notes
britaipraksis-blog · 8 years ago
Photo
Tumblr media
Førebuingar til praksis i barnehage.
Forgje veke midt i  oppkøyringa til eksamen fekk eg lov til å være fluga på veggen når gartner på Geitmyra matkultsenter for barn hadde dyrkningskurs for ein gruppe barnehagebarn. Dette var eit herleg og lærerikt avbrekk i eksamenslesinga.
Her fekk barna mellom anna læra om kompostering, korleis ein kan dyrke fram eigne poteter og sår reddikkar. I morgon startar første dag i praksis i Husebygrenda barnehage der eg mellom anna skal ha gjennomføra mitt eige dyrkningskurs for barnegruppa. Meir om dette seinare. 
1 note · View note