Don't wanna be here? Send us removal request.
Text
Pedagogisk analyse av «Tonje Glimmerdal»
I dette blogginnlegget vil eg gjere ein pedagogisk analyse av boka «Tonje Glimmerdal». Boka er skriven av Maria Parr, og blei utgitt for første gang i 2009. I boka følgjer vi Tonje Glimmerdal, ei jente på 9 år. Vi følgjer henne i sin kvardag gjennom nokre månader. Vi leser om kva ho opplever, og korleis ho tenker og reflekterer over det. Dette gjer at innhaldet er lett for den barnlege lesaren å forstå.
Barn kan kjenne seg igjen i Tonjes livserfaring. I boka følgjer vi Tonje i dei ulike situasjonane som oppstår gjennom desse månadene. Vi følgjer henne mens ho sjølv går gjennom ulike kjensler og tankar, og lærar av dette. Mange barn opplever som Tonje å ha ein forelder som er lenge borte med jobben, og kan kjenne på same sakn, og same glede når dei kjem heim. Tonje er det einaste barnet i Glimmerdalen, og hennar beste venn, er ein gammal nabo. Dette er kanskje ikkje ein situasjon mange barn opplever, men kan framleis kjenne seg igjen. Kanskje dei har ein gammal bestefar, eller andre trygge vaksne, som dei ser på som vennar.
Hovudpersonen i boka, er på alder med lesaren. Tonje er 9 år gamal, og blir i slutten av boka 10 år. Boka passar for jenter og gutar. Tonje kan beskrivast som ein «guttejente». Det er ikkje element i boka som er tenkt til enten gutar eller jenter. Tonje kunne like gjerne vore ein gut, den hadde framleis passa for alle. Tonje kan virke litt veslevaksen, noko som påverkar språket. Språket er enkelt, og skrevet på ein barnleg måte, med nokre ord og utrykk innimellom som barn kanskje ikkje brukar.
Boka startar med ein veibeskriving til Glimmerdalen, der vi blir kjent med fleire av karakterane i boka. Innleiinga verkar interessevekkande, og vi blir slukt inn i historia. Boka er delt inn i tre delar, med mindre kapittel i kvar del. I kapitla leser vi om ulike kvardagslege historier, samstundes som det er ein hovudfortelling vi følgjer gjennom boka. Karaktergalleriet i boka er stort, men det er nokre karakterar vi følgjer meir enn andre. Det er lett å bli kjent med karakterane, og vi får enkle beskrivingar av dei. Forteljarmåten har ein god balanse mellom skildring og refleksjon. Den allvitande tredjepersonsforteljaren gir oss skildringa, nokre gonger gjennom Tonjes augne, og vi får innblikk i Tonjes tankar og refleksjonar. Det er også god balanse mellom forteljing og dialog. Det er god flyt i teksten, og ein må ikkje stoppe opp og jobbe med å forstå det ein leser.
Boka er skive på nynorsk, som gjer at mange barn ikkje vil kunne lese han sjølv. Eg synes boka fungerer både som høgtlesingsbok, og som ein bok barnet kan lese sjølv. Boka er fin å bruke som høgtlesing i skulen. Det er korte kapittel, som er delt inn i sjølvstendige einingar. Den er fin å bruke som utgangspunkt for ulike aktivitetar, både munnleg og skriftleg. Eg kan sjølv tenke meg å bruke boka, da den er spennande og engasjerande!
Du kan finne boka her!
0 notes
Text
Munnleg forteljing i praksis
Denne hausten har eg vore i praksis i ein tredjeklasse, med fokus på norskfaget. I denne perioden har vi jobba variert med oppgåver knytt til lesing og skriving. I klassen var mye av undervisninga lagt opp som stasjonar. Nokon sjølvstyrte stasjonar, og nokon lærerarstyrte stasjonar. Når man er med ein liten gruppe elevar, blir det enklare å rettleie og tilpasse oppgåvene til kvar enkelt. På stasjonane fekk me studentar prøve oss på rettleidd lesing, og ulike og varierte skriveoppgåver.
I praksisperioden har vi også hatt fokus på munnleg forteljing. Alle fire studentar, har hatt ein munnleg forteljing kvar i lyttekrok, og med ulike oppgåver i etterkant knytt til historia, eller forteljerforma. Dette har gått føre seg i stasjonar, eller individuelt. Elevane har verkeleg likt dei munnlege fortellingane.
Timen eg skulle ha munnleg forteljing, var ein ganske kort ein, da elevane skulle på uteskole etterpå. Eg starta med å samle alle elevane i lyttekrok. Der snakka me om ein anna munnleg forteljing dei hadde hatt to dagar i førevegen. Denne forteljinga handla om kvifor det heitar tysdag, og eg skulle fortelje dei om kvifor det heitar torsdag. Etter å ha oppsummert dette, begynte eg forteljinga om da Thor mista hammaren sin. Da forteljinga var ferdig, snakka vi saman om det var noko dei synes var rart med forteljinga, noko som var ekstra artig, og om kva dei eigentleg syntest om forteljinga. Dei syntest det var ein morosam forteljing.
Etter å ha snakka saman om forteljinga skulle elevane i gang med ei oppgåve. I dei vekene vi var i praksis, hadde elevane om forteljingar, og om inndelinga av disse. Dei hadde i forkant jobba med eit ark frå Salaby, der det var tre kolonnar. Der skulle elevane dele inn i innleiing, hovuddel og avslutning. Dei fekk i oppgåve av meg å gjenfortelle forteljinga om Thor, og dele det inn i disse tre delane. Før dei begynte på denne oppgåva, lagde vi i fellesskap nokre kulepunktar på tavla, om det viktigaste som skjedde i forteljinga. Elevane satt fire og fire saman, på til saman fem bord. Dei kunne samarbeide med dei andre på gruppa, om det var noko dei lurte på. Vi studentar fordelte borda mellom oss, og satt og rettleidde gruppa. Dette gjorde at alle kunne få den rettleiinga dei trengte, for å forstå oppgåva. Mange av elevane syntest blant anna det var vanskeleg å forstå kva som skulle stå på innleiinga, så at vi var så mange vaksne som kunne hjelpe, gjorde at alle elevane kunne få ein god rettleiing på dette. Elevane var også flinke til å hjelpe kvarandre med å komme med forslag til kva dei andre kunne skrive.
Arket finnar du her
Eg hadde eigentleg tenkt å ha ein oppsummerande økt på slutten av timen, der vi kunne sjå på kva dei hadde skrevet ned, og korleis dei hadde delt det inn, men sidan dette var ein ganske kort time, rakk eg ikkje gjere det. Planen var også at elevane kunne skrive ein ny slutt på forteljinga, «kva om Trym finner ut at det er Thor, før han får hammaren tilbake?», som vi heller ikkje rakk å gjere.
Det var artig å sjå på kva elevane huska frå forteljinga, og kva dei tenkte var det viktigaste å trekke fram. Nokre elevar sleit litt med å hugse alt som skjedde i forteljinga, da var det fint å kunne snakke med dei andre på gruppa, og at dei kunne få hjelp frå kulepunkta på tavla. Dei svakaste elevane kunne også berre skrive av dei punkta vi hadde på tavla, og fokusere på å dele det inn i dei tre hovuddelane. Alt i alt synest eg det blei ein fin økt. Alle elevane fekk skrive ned ein masse i skjemaa, og blei enda meir kjent med inndelinga av ein forteljing.
0 notes
Text
Ord og omgrepsforståing i forteljarstunda
Vi har den siste tiden hatt eit forteljarkurs på skulen. Der har vi lært om munnleg forteljing og korleis dette kan hjelpe elevar med blant anna å utvikle ord og omgrepsforståing. I dette blogginnlegget vil eg bruke kapittel 4 «Muntlig fortelling og utvikling av literacy», i boka «Muntlig fortelling i barnehagen. En vei til danning, livsmot og literacy» av Fridun T. Karsrud, til å sjå på dette med ord og omgrep. Sjølv om boka fokusere på barnehagen, er mykje av dette sentralt dei første åra på skulen.
Boka kan du finne her
Her finnar du biletet.
Karsrud skriv at ord er symbol som viser til noko i omverda, og bak disse orda ligg dei førestillingane vi har om det ordet referer til, omgrepa. Disse førestillingane fester seg som mentale bildar, om det som «finnast i verda». Indre bildar lagrast i langtidsminnet, og er sentrale for seinare leseforståing. Derfor er det viktig å stimulere barnas indre bildeskaping. Abstrakte omgrep som vennskap, kjærleik og sjalusi kan ein finne igjen i eventyra. Disse omgrepa vil i større grad være farga av personens kjensler og erfaringar.
Ordkunnskapen byggjast gradvis opp, og vert lagra i barnets indre leksikon. Både lydsekvens og meiningsinnhald må være tilstede for at eit barn lærar seg eit nytt ord. Karsrud viser til tre komponentar i denne læringsprosessen; å oppfatte, å produsere lydane i språket og å lære innhaldet eller omgrepet ordet stiller seg til. Dette vil altså sei form og innhald. Barnet dannar seg hypotesar om betydingsinnhaldet i orda, ved å utforske gjenstandar og gjennom samtalar med andre. Dette kan du lese meir om på side 83 og 84 i boka!
Det er nokre grep ein kan gjere i forteljarstunda for å skape forståing hos elevane. Det første er å stoppe opp ved vanskelege ord. I ein munnleg forteljarstund er det lett å stoppe opp ved vanskelege ord og forklare dei. Gjer ein ikkje det, vil barna kanskje gå glipp av hovudmoment i forteljinga, fordi dei ikkje forstår kva det handlar om. Karsrud skriv at når barn møter nye ord og omgrep, er det viktig at disse ver knytt saman med og byggjer på noko barn har erfaring med frå tidlegare, også når barnet møter tekster om fenomen barnet ikkje har noko tidlege erfaringar med. Derfor er eit annet grep å knytte vanskelege ord opp mot elevanes tidlegare erfaringar. Repetisjon er også eit viktig grep for at ordkunnskapen skal feste seg. I boka til Karsrud skriv ho at undersøkingar viser at seks til sju repetisjonar må til for at ord skal lærast. Eventyr er supre å bruke til slik repetisjon! Til dømes i regleeventyr, blir ord og språklege vendingar gjentatt gang på gang. I undereventyra gjentas også hendingar og handlingar fleire gonger. Eventyr kan også brukast til repetisjon, da barn ofte vil høyre same eventyr fleire gonger.
Eg håpar du synes dette var interessant, og at du tar med deg dette ut når du sjølve skal lese eventyr!
Her finnar du biletet.
Kilde:
Kapittel 4. Muntlig fortelling og utvikling av literacy. Karsrud, Fridunn Tørå (2014) Muntlig fortelling i barnehagen. En vei til sanning, livsmot og literacy. Cappelen Damm Akademisk
https://www.cappelendamm.no/_muntlig-fortelling-i-barnehagen-fridunn-tora-karsrud-9788202449551
0 notes
Text
Sørlandsdialekta
I Noreg finnast det eit hav av ulike dialektar. Dialekta er noko som for mange er ein del av identiteten, noko som knyter deg til der du kjem ifrå. Dialektane i Noreg er veldig forskjellige, og kan endre seg innanfor små geografiske områdar. For å kunne skilje dei ulike dialektane, kan det vere lurt å dele dei inn i nokre større kategoriar, og sjå på kva som er typiske dialekttrekk for desse områda. Har du nokon gang tenkt på kva som kjenneteiknar di eiga dialekt?
I dette blogginnlegget vil eg sjå på dialekttrekka for mi eiga dialekt, ut ifrå det som står i boka «Det norske dialektlandskapet: innføring i studiet av dialekter» skrive av Mæhlum og Røyneland.
Boka kan du finne her.
Mæhlum og Røyneland delar dialektane inn i fire hovudkategoriar: nordnorsk, trøndersk, austnorsk og vestnorsk. Vestnorsk brer seg i frå Møre og Romsdal heilt ned til slutten av Aust Agder. Eg kjem i frå Grimstad som ligger langs kysten i Aust Agder. Det vil sei at eg har det som kallast for sørlandsdialekta. Denne nemninga brer om seg heile Aust Agder fylke, og ein liten del av Vest Agder.

Utbredelsen av Grimstad-dialekta.
Vidare vil eg sjå på dialekttrekk for mi eiga dialekt, og oppfordrar alle til å gjere det same!
Eit fellestrekk for det vestnorske området er at det ikkje er eit jamvektsmål. Jamvekt er rester av norrønt i dialektane, som vi finner mest av i verb og substantiv. Jamvekt betyr at det skal vere lik vekt på rot- og endestaving i kortstava ord, som gjer at orda får forskjellige endevokalar. I austnorsk vil endinga i staden blir redusert til ein «slapp» e-lyd. Eit eksempel på dette er å komme. På sørlandsk vil endevokalen vere ein «slapp» e-lyd, mens det for eksempel vil vere å komma på austnorsk og å kåmmå på trøndersk.
Infinitivsending
To andre dialekttrekk på sørlandsdialekta er skarre-r og «blaute konsonantar». Skarre-r er mest utbreidd i dei ytre strøka av Agder, men er i ferd med å spreie seg innover. Blaute konsonantar (også kalla lenisering) er mest utbreidd i kystområda og er eit karakteristisk dialekttrekk på Sørlandet. Trass i at dette er eit kjent dialekttrekk, er det på vikande front, særleg i dei urbane strøk. Eg har sjølve ikkje lenisering i min daglege tale, og merkar at fleire på min alder heller ikkje tar i bruk dette.
Ei anna dialekttrekk såkalla -r-farging av trykklett -e. I boka til Mæhlum og Røyneland forklarar de det som at denne e-en framfor r blir farga av r-en slik at vokalen blir dregen bakover mot å. Døme på dette kan vere je:ntår (jenter), kjø:bår (kjøper) og ellår (eller).
De to siste dialekttrekka eg vil sjå på, er personleg pronomen og nektingsadverb. Dette er ord som har mange forskjellige uttalar på forskjellige dialektar. På min dialekt vil eg sei e til personleg pronomen, og ikkje til nektingsadverb. Under finner du eit kart over personleg pronomen der du kjem ifrå!
Personleg Pronomen
Kilder:
https://www.cappelendamm.no/_det-norske-dialektlandskapet-brit-mahlum-unn-royneland-9788202349417
https://snl.no/dialekter_i_Norge
https://snl.no/jamvektsloven
3 notes
·
View notes