Fagblogg fra min utdanning ved Grunnskolelærerutdanning 1-7
Don't wanna be here? Send us removal request.
Text
Analyse av anslaget i filmen “Ut å stjæle hester”
Eg vil i dette innlegget snakke om anslaget i filmen Ut og stjæle hester, og kva anslaget fortel oss om filmen me skal sjå. Filmen er ein adaptasjon av romanen med tilsvarande namn, som vart skriven av Per Petterson i 2003. Dei aller fyrste minuttane me ser i ein film er filmens anslag. Anslaget er ein del av den dramaturgiske spenningsoppbygginga. Dette er for å skape ein fengande start slik av me som sjåarar blir dratt inn filmen og blir interesserte for kva som skal skje vidare (Hoem, 2018). «Ut og stjæle hester» har eit anslag som varer i omtrent 30 sekund, og filmen byrjar med å filme under vann, for så å filme omgjevnader rundt elva som me forstår har ei stor betyding for filmens handling. Me ser også ei bru, eit hus i vankanten og ein gut som balanserar på ein tømmerstokk i elva. Det at vatn har så stor rolle i anslaget kan betyr at kvinna har ei viktig rolle i historia. Kvinnar har i fleire tilfelle blitt samanlikna med havet, fordi dei er uføreseieleg og gjer som dei sjølv vil. Ein finn eksemplar frå til dømes den populære filmserien Pirates of the Caribbean, der me blir presentert for sjøgudinna Calypso. Mens desse bilda blir vist i anslaget, høyrer vi ein voksen eller eldre mann som snakkar. Han fortel at det «gikk bra med ham», og me kan tolke det som at me i filmen skal få sjå kva han meiner med at det ikkje nødvendigvis hadde trengt å gå bra. Det at det er ein eldre mann som snakkar mens me samtidig på filmen ser ein yngre gut, i tillegg til brua som tidligare nemnt, kan vere eit symbol på at denne guten skal oppleve ei overgang mellom barndom og vaksenlivet. Det er også muleg at brua kan vere eit symbol på relasjonar mellom menneskar. Lyssettinga i anslaget er relativt mørk og med hovudsakleg kalde fargar. Eit unntak frå dette er den raude genseren til guten som balanserer har på seg, og fargane lengst borte på himmelen. Der er nemleg farga lyse, som i ei soloppgang. Ein tolking av dette kan vere at sjølv om livet kan verke mørkt rundt personen, er det han sjølv som bestemm om dei negative opplevingane skal verke inn på han, og at det kommer lysare tider seinare.
Stellan Skarsgård i rolla som Trond i "Ut og stjæle hester”. Foto: Nordisk Film Distrubisjon. Kjeldeliste: Hoem, J. (2018, 23. mai) Hollywood-modellen. Henta frå: https://ndla.no/subjects/subject:1/topic:1:186479/topic:1:186487/resource:1:18932 Moland, H. P. (Regissør). (2019) Ut og stjæle hester [Spillefilm]. Norge: 4 1/2 Film
0 notes
Text
Tonje Glimmerdal - Noregs svar på Pippi Langstrømpe?
Tonje Glimmerdal av Maria Parr er ei lettlest bok som er lett å bli både glad i og glad av. Handlinga tek plass i Glimmerdalen frå vinterferien til påskeferien, og me føljer Glimmerdalens vesle Dunder - nemlig Tonje Glimmerdal. Tonje er Glimmerdalens einaste barn, og dette resulterer i at bestevennen hennar er ein 75 år gammal gubbe som bur lengre oppe i Glimmerdalen. Det er Gunvald. Han er Tonjes bestevenn, fadder og ein fantastisk felespelar. Det Tonje ikkje veit, er at han berer på ein stor hemmelegheit. Han har nemleg ei dotter i Tyskland som han ikkje har snakka med på 30 år. Dotter hans, Heidi, kjem etterkvart tilbake til Glimmerdalen, og det fører til ein berg-og-dalbane av følelsar for både Tonje, Gunvald og Heidi.

Illustrert av Åshild Irgens. I denne boka er kjønnsrollene ikkje heilt som dei kanskje har vore før i tida. Før var det vanleg at far i huset var ute å jobba, mens mor var heime og passa barna. Barn skulle vere rolege og gjere som dei fikk beskjed om, og jenter skulle helst leke med «jentelekar» og guter med «gutelekar». Maria Parr har valt å sende mor til Tonje til Grønland der ho arbeider mot issmelting, mens far til Tonje er heime og passer garden deira. Tonje er heller ikkje som ei stereotypisk jente, då ho køyrer nedover bakkane i Glimmerdalen på ski mens ho syng så det ljomar i fjella og den sure campingplass-eigaren Klaus Haugen vart reint irritert på ho. Tonje er ei jente med sterke meiningar, og med det struttande raude håret sitt kan ho for nokon minne om Pippi Langstrømpe frå Astrid Lindgrens forteljingar. Kanskje er Tonje Glimmerdal Noregs svar på Lindsgrens raudhåra skikkelse?
Denne barneboka er skriven som ein realistisk barneroman, med nokon få snev av magisk realisme. Ein kan definere magisk realisme som ein litterær sjanger kor ein finn overnaturlege element i ei realistisk og jordnær handling. Ein kan finne element innanfor magisk realisme som er utrolege, fantastiske, magiske og himmelske - men på ein såpass kvardagsleg måte at elementa ikkje verkar overnaturlege (SNL, 2019). I Tonje Glimmerdal finn ein magisk realisme til dømes i aketurane ho har nedover Glimmerdalen, då ho renn frå Gunvald og heilt ned til ferjekaia. Boka er skriven på ein humoristisk og lettlest måte, slik at ein lett blir dratt inn i historia. Kvart kapittel i boka er ein avsluttande forteljingar, og dette gjer at boka passar ypparleg til høgtlesing i klasserommet! Tonje er nok ei jente som både gutar og jenter kan relatere seg til, samt dei to vesle gutane som bor på campingplassen hos den fæle Klaus Hagen, og boka tar for seg kvardagslege opplevingar og problemstillingar som både barn og vaksne kan kjenne seg igjen i. Kjeldeliste: Store Norske Leksikon (2019, 10. mai) Magisk realisme. Hentet fra: https://snl.no/magisk_realisme_-_litteratur
1 note
·
View note